Norwegian Horse Festival

Norwegian Horse Festival, frå 2006 til 2018 Arctic Equestrian Games,[1] var ei årleg hending for hesteinteresserte arrangert av Oslofjord og Vestfold Horse Show AS, og det største hesteshowet i Noreg.[2] AEG blei arrangert for fyrste gong i februar 2006 på Oslofjord Convention Center i Stokke. Arrangementet avgrensa seg til ryttarar som var elitestemnekvalifiserte.
Arrangement
[endre | endre wikiteksten]AEG 2006
[endre | endre wikiteksten]AEG blei gjennomført for fyrste gong i 2006. Under dette arrangementet heldt Briskeby og Sandra Lyng Haugen konsertar, medan Ylvis-brørne og Kjetil og Kjartan opptredde. Det blei også arrangert eit ungarsk hesteshow. Arrangørane fekk kritikk for dårleg transportmogelegheiter og høge matprisar, men ros for servicen og personalet. Nettstaden hest.no skreiv at personalet var «Kun ja-mennesker».[3] Fleire av dei som hadde utstilling og hadde betalt for stand under arrangementet kravde halvparten av pengane tilbake frå arrangøren Vestfold Horse Show AS på grunn av for få besøkande i forhold standpris,[4] noko som blei svart med eit tilbod om enten 20 % refundering av det dei hadde betalt for å ha stand på BCC eller 15 % avslag under AEG 2007 og sikra standplass. I følgje arrangøren valde 85 % den siste løysinga.
AEG 2007
[endre | endre wikiteksten]AEG 2007 varte i elleve dagar, og involverte 250 ryttarar og 550 hestar.[5] Den totale premiepotten på dette ridestemnet var på 1,5 millionar NOK.
AEG Promotion Cup
[endre | endre wikiteksten]I 2008 blei det arrangert ein AEG Promotion Cup der alle rideklubbar i Noreg var med, og dermed kvalifiserte seg for Horze Jumping cup- og Amateur Challenge-klassane. Denne konkurransen blei arrangert av Eirik Berentsen, og vart ein salskonkurranse.[6]
Seinare år
[endre | endre wikiteksten]Festivalen blei avlyst under koronapandemien i 2020[7] og 2021.[8] Han blei halden i desember 2022,[9] men så avlyst att i 2023.[10]
Arenaer
[endre | endre wikiteksten]AEG blei fyrst halden inne i storsalen på Oslofjord Convention Center, der hestearenaen måler 28 x 72 meter, og det er publikumsplass til 4 000.
Hendinga flytta til Lillestrøm i 2019, der ho blei halden i Nova Spektrum (Norges Varemesse).[11]
Greiner
[endre | endre wikiteksten]AEG skil seg ut frå andre hestearrangement ved kombinering mellom greiner som sprang, dressur og mounted games samstundes som det blir arrangert underhaldningshow og -konsertar.
Under AEG blir det òg halde forskjellige hesteshow som Six Bar, Rid'n Bike, Charity Show, forsøk på noregsrekord i høgdehopp, ponnigalopp, moteshow for hest, unghestauksjon og norsk varmblods hingstkåring.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- AEG 2006 Arkivert 2007-08-07 ved Wayback Machine.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ellen Birgitte Farbrot and Red Rebel Shine in Small Tour at 2019 CDI Lillestrom», Eurodressage (på engelsk), henta 19. september 2025
- ↑ AEG – Noregs største hesteshow, arkivert frå originalen 28. desember 2007, henta 16. januar 2008
- ↑ Hest.no, arkivert frå originalen 16. juli 2011, henta 16. januar 2008
- ↑ Hest.no – karakter 4, arkivert frå originalen 16. juli 2011, henta 16. januar 2008
- ↑ Hesteplassen[daud lenkje]
- ↑ AEG Promotion Cup, arkivert frå originalen 10. januar 2008, henta 16. januar 2008
- ↑ NRK (28. oktober 2020), «Norwegian Horse Festival er avlyst», NRK (på norsk bokmål), henta 19. september 2025
- ↑ https://nihf.no/norwegian-horse-festival-2021-avlyst/
- ↑ «Norwegian Horse Festival i juleutgave: Snart braker det løs i Lillestrøm», Hest.no (på engelsk), henta 19. september 2025
- ↑ Ridesenter, Drammen (4. september 2023), «NORWEGIAN HORSE FESTIVAL 2023 AVLYST», NHF 22 (på norsk), henta 19. september 2025
- ↑ «Det beste fra Norwegian Horse Festival: Carl Hedin, show og konkurranse innen et bredt spekter av grener», Hest.no (på engelsk), henta 19. september 2025