Diskusjon:Aschehoug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Namn på artikkelen[endre wikiteksten]

Grunnen til at eg namgav artikkelen H.Aschehoug & co (W.Nygaard) utan mellomrom både mellom H. og Aschehoug og mellom W. og Nygaard var at det for meg ser ut som om det er det forlaget sjølv kallar seg. Sjå t.d. botnfeltet på nettsidene deira http://www.aschehoug.no/

Eg sjekka også i Brønnøysundregisteret, utan at eg vart særleg klokare fordi dei der skriv firmanamna med berre store bokstavar og utan punktum, sjå http://www3.brreg.no/oppslag/enhet/detalj.jsp?orgnr=910292005 Jorunn 12. mar 2005 kl. 0055 (UTC)

Ja, nå ser eg at dei sjølv ikkje bruker mellomrom, men alle andre som skriv om dei gjer det. Kanskje me skal høyra på forlaget?
Ein ting er sikker: Tittelen slik han er no må endrast. Eg klarte å setta inn mellomrom etter H., men ikkje etter W.! Kanskje det er eit kompromiss, men det ser òg rimeleg dumt ut. -- Ranveig 12. mar 2005 kl. 1305 (UTC)
Det er og eit spørsmål om det skal vera stor eller liten "c" i "& Co" ... Eg fann noko litteratur som ein kan slå opp i. --Gunnernett 12. mar 2005 kl. 1328 (UTC)
Nedst på sida til Aschehoug brukar dei "H. Aschehoug & Co (W.Nygaard)", slik eg tolkar det er det manglande mellomrommet etter "W." ein glipp. På sidene om verksemda, har dei kutta ut " (W.Nygaard)", og namnet dei skal bruka i offisielle dokument skal vel innehalda "AS" eller noko liknande. --Guttorm 13. sep. 2005 kl. 20:37 (UTC)

Eg har eit nytt og radikalt forslag: Kanskje artikkelnamnet bør forenklast, anten til ganske enkelt Aschehoug, eller til H. Aschehoug & Co. Det noverande namnet er særs langt og kronglete, og blir vel ytterst sjeldan brukt, medan dei fleste kjenner og bruker kortnamna [1]. -- Ranveig 5. okt. 2005 kl. 14:38 (UTC)

Ja du er ein skikkeleg raddis du;-) Eg veit ikkje heilt eg, konsekvente oppføringstitlar kan me jo ikkje ha med denne programvaren uansett, men vil nemna at Caplex brukar Aschehoug & Co (W. Nygaard) A/S, H. og Store norske leksikon brukar Aschehoug & Co. (W. Nygaard) A/S, H.. Aschehoug er jo også eit familie-/slekts-/etternamn som det kan skrivast for seg om. Eg trur eg likar H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) A/S best, men eg skjønnar grunngjevinga di. --Guttorm 6. okt. 2005 kl. 07:21 (UTC)
Nå er me jo i den heldige situasjonen at me kan ha to «oppslagsord» - eitt i tittelen på sida, og eitt i innleiinga. Dermed kan me både gjera det komplisert, som dei andre leksikona, og enkelt, slik til dømes eg liker det. Det blir det same som å bruka namnet dei er kjend under som oppslagsord for folk, men det fulle namnet deira med ørten mellomnamn først i artikkelen.
Men skal me ha fullt namn, er eg einig i at det fullstendige H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) A/S er best. -- Reddiken Ranveig 6. okt. 2005 kl. 08:05 (UTC)