Aschehoug
Aschehoug | |||
| |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 910292005 | ||
Bransje | Forlag, detaljhandel | ||
Skipa | 1872 | ||
Dotterselskap | Universitetsforlaget, Forlaget Oktober | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Styreleiar | Idar Kreutzer | ||
Adm.dir. | Mads Nygaard | ||
Nettstad | https://aschehoug.no (norsk) |
H. Aschehoug & co (W. Nygaard) AS er eit norsk forlagshus som vart stifta i 1872 av Hieronymus Aschehoug og Halvard Aschehoug som sortimentsbokhandel. Bokhandelen låg dei fyrste åra i Øvre Slottsgate 23 på Egertorvet i Kristiania (Oslo).
Dei fyrste forlagsartiklane deira kom ut i 1873, mellom andre Kart over Kristiania av Johannes Solem, Om vore Husdyrs almindeligste Sygdomme av O. Thesen og «Henrik Ibsens Kejser og Galilæer». En kritisk Studie av G. (pseudonym for Arne Garborg). I 1881 flytta firmaet til Karl Johans gate 43. I 1887 byrja William Nygaard i firmaet, han vart etter kvart ansvarleg for forlagsverksemda og i 1900 vart han eineeigar av forlagsavdelinga. I 1910 kjøpte forlaget Sehesteds gate 1, 3 og 5 og året etter vert forlagsverksemda flytta dit, og der held forlaget framleis hus (i 2005).
Forlagsleiarar
[endre | endre wikiteksten]- 1900-1940: William Nygaard
- 1940-1952: Mads Wiel Nygaard
- 1952-1955: Andreas Wiel Nygaard og Sigurd Some
- 1955-1973: Arthur Holmesland
- 1975-2010: William Nygaard d.y.
- 2010- : Mads Nygaard
Oppkjøpte forlag og andre eigarinteresser
[endre | endre wikiteksten]- 1883: Overtok restlageret frå Johan Dahls forlag
- 1900: Overtok tidsskriftet Samtiden
- 1912: Overtok Det norske Aktieforlag
- 1933: Overtok Somes forlag
- 1961: Oppretta Den norske Bokklubben i lag med Gyldendal Norsk Forlag, Tiden Norsk Forlag og J.W. Cappelens forlag
- 1963: Oppretta Forlagssentralen i lag med Gyldendal Norsk Forlag
- 1972 Overtok Pedagogisk forlag
- 1972 Oppretta Kunnskapsforlaget i lag med Gyldendal Norsk Forlag
- 1982 Overtok Forlaget Tanum-Norli
- 1985 Overtok 50 % av Olaf Norlis bokhandel
- 1988 Overtok Kirkelig Kulturverksted
- 1988 Overtok 25 % av Universitetsforlaget
- 1991 Overtok 34 % av Lydbokforlaget
- 1992 Overtok 91 % av Forlaget Oktober
- 1993 Overtok Norsk Undervisningsforlag
- 1998 Overtok bokhandelen Melvær AS i Bergen
- 2000 Overtok i lag med Gyldendal Norsk Forlag opp dei siste 50 % i Universitetsforlaget
- 2000 Oppretta Lauritzen Norli Gruppen AS som vart den største bokhandlarkjeda i Noreg
H. Aschehoug & co (W.Nygaard) er i dag eit av dei største forlaga i Noreg, i 2003 omsette konsernet for 1224 millionar kroner.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard): Aschehoug 1872-1997., Oslo 1997. H. Aschehoug & Co. : 125 år : 1872-1997 : jubileum.
- Tveterås, Harald L.: Et norsk kulturforlag gjennom hundre år : Aschehoug 1872-1972, Oslo 1972. ISBN 82-03-05039-5