Diskusjon:AskAdam

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Interessant! Synd å slette ein interessant artikkel, men det kan vere rett likevel - eg bryr meg ikkje om å gjere meg opp noko eiga meining, anna enn å rå til at vi ventar litt og ser kva venene våre på nb gjer her. - Knut 28. desember 2008 kl. 23:10 (CET)[svar]

OK, se an ei veke. No er dette meire reklame for noko som kanskje vil skje enn ein artikkel om eit leksikonverdig emne. --Ekko 28. desember 2008 kl. 23:13 (CET)[svar]
Selskapet har holdt på et snaut års tid, har en unik løsning, og kjører nå reklamespots på TV2 med henvisninger til Wikipedia. Innhold hentes fra bokmål, nynorsk og engelsk. Hvis nynorsk ikke ønsker profilering så er det sikkert mulig å henstille til dem om ikke å bruke materiale fra nynorsk Wikipedia. I såfall bør det avklares nokså raskt. Det er likevel verd å påpeke at materialet er frigitt under GFDL og kan brukes om de ønsker det. Jeblad 28. desember 2008 kl. 23:48 (CET)[svar]
Nynorsk wikipedia ønskjer profilering, det er ikkje det diskusjonen gjeld. Profilering er eit argument mot sletting, men om vi vil bruke det som eit argument, og om det er eit avgjerande argument, får diskusjonen avklare. - Knut 29. desember 2008 kl. 00:08 (CET)[svar]
Me skal ikkje profilere noko som helst i artikkelnamnerommet, artiklane skal vere nøytrale og vere om emne som har artikkelhøgd, uavhengig dei handlar om noko som har med Wikipedia å gjere eller ikkje. Viss ikkje alle små nyoppstarta selskap som sel SMS-tenester har artikkelhøgd, har ikkje dette selskapet det heller. Om SMS-ane har innhald på nynorsk eller russisk, eller om innhaldet er henta frå Wikipedia eller Encyclopedica Britannica har ikkje noko å seie. Hadde me kome til å opprette ein artikkel om tenesta/selskapet om det var Kunnskapsforlaget som eigde henne og det var innhald frå SNL som vart formidla? Me kunne gjere det om det var ei vel innarbeidd og mykje nytta teneste, men me hadde neppe oppretta ein artikkel om emnet same veka tenesta vart starta opp. --Jorunn 29. desember 2008 kl. 01:01 (CET)[svar]

Eg meiner at denne artikkelen bør stå, av følgjande grunn: Sjølv om selskapet for alt eg veit er lite, er poenget her at det representerer ein ny måte (her til lands) å distribuere Noregs viktigaste leksikon på. Dette har dermed allmenn interesse. Så kan vi like eller mislike at dei tar opp i mot 9 kr per artikkel (viss originalartikkelen er lang nok får du 3 sms-ar à 3 kr) for tenesta, men det bør ikkje få innverknad på slettediskusjonen (tvert i mot, eigentleg, det er interessant å registrere at det finst firma som tener pengar på wp). Altså gjer kombinasjonen viktigaste leksikon + betalteneste til gratisleksikon AskADAM meir interessant enn nok ei betalingsteneste til eit meir marginalt leksikon. Og reklame? Vi har nok av artiklar om firma med langt dyrare produkt til sals. Sjølv syns eg det er heilt greitt at dei tener penger på det viss dei får det til, poenget med det vi skriv er nettopp at det skal vere fritt fram for å bruke det til kva ein vil. Trondtr 31. desember 2008 kl. 02:49 (CET).[svar]

Grunnen til at eg skreiv reklame var ei vurdering av at temaet for artikkelen i seg sjølv ikkje hadde leksikonhøgd, og at formålet med artikkelen difor truleg er å trekkje kundar til firmaet, framfor å informere om noko som bør vera nemnt i eit leksikon. Eg ser ein parallell til artiklar om bøker som skal bli gjevne ut i framtida. Dette firmaet er så lite at om artikkelen ikkje indirekte hadde handla om oss trur eg han hadde blitt hurtigsletta. Kan me tenkje oss ein artikkel om eit firma som hadde starta i forrige veke, med forretningsideen «å kjøyre matvarer heim til folk», og kor det framleis var usikkert om dei kom til å få kundar? --Ekko 31. desember 2008 kl. 10:12 (CET)[svar]
Skilnaden er, slik eg ser det, at dei faktisk har laga programvare for dette, som faktisk fungerer (sjølv om eg ville ha lagt ned mykje meir arbeid i å bearbeide teksten). Nyskapinga i dømet ditt ser ut til å vere bilen, som vi har skildra i andre artiklar. Eg ser heller parallellen til artiklar om spesifikke dataprogram på en.wp. Sjølvsagt er eg ikkje så naiv at eg ikkej trur at tilsette / utviklarar for dei ulike programma har hatt aktive fingrar med i desse dataartiklane, men det har uavhengige skribentar også. Altså les eg heller desse artiklane (først) enn eg les heimesidene til programvarehusa. Tilsvarande her. Det vi altså evt. her kunne ha speidd på med her (som ein uavhengig tekst) var at dei har gjort lite for å bearbeide (korte ned) artiklane dei vidaresender. Det er dyr informasjon, dette. Trondtr 31. desember 2008 kl. 10:45 (CET).[svar]
Ein liten avsporing, kanskje, men som eit apropo til det Trondtr skriv om nedkorting av informasjon: Det er vi som bør skrive artiklane våre på ein slik måte at dei mest sentrale opplysningane kjem fram med ein gong, i den første SMS-en, for å seie det slik. Det gjeld anten AskADAM vert ein suksess eller ikkje: ein god artikkel bør ha nøkkelinformasjonen i første avsnittet, og innleiingsavsnittet skal ikkje vere lenger og bør ikkje vere vanskelegare enn at ein tolvåring les det og forstår det. SMS-en er her ein god illustrasjon på eit høveleg tekstomfang i innleiingsavsnittet. --Knut 31. desember 2008 kl. 11:08 (CET)[svar]
Å for å komme på sporet att: Det første spørsmålet vi bør stille oss i ein slettediskusjon, er om det er sannsynleg at nokon vil søkje opp artikkelen fordi dei lurer på kva AskADAM er for noko. - Knut 31. desember 2008 kl. 11:08 (CET)[svar]
Nei, eg er usamd med Knut her. Det leksikonet AskADAM burde ha servert er Caplex, der er artiklane ferdig korta ned. Ein av dei sterkaste korta til WP i året som kjem er nettopp at vi her skriv heile, leselege setningar, til skilnad frå andre leksika (dette var noko det første eg lærte, den harde vegen, då eg dukka opp her, sjå her for å sjå sosialisering i praksis. Neste generasjons lesarar er rett og slett ikkje i stand til å lese SNL, og derfor vil vi også gå sigrande ut av året som kjem. Men for ein sms blir dette for langt. Folk som vil konkurrere med AskADAM bør derfor lage ei rutine for å caplexifisere artiklane våre. Men her på WP skal vi ha leselege artiklar, god prosa. Trondtr 31. desember 2008 kl. 13:15 (CET).[svar]
Sjølv om eg er samd med Trondtr, skal eg gje han rett til å vere usamd med meg. Men her trur eg han misforstår meg. Vi skal skrive forståeleg OG kort. Og vi må gjerne ha lange artiklar på 32 kB og kanskje tilogmed meir, men dei skal ha ei kortfatta innleiing som gjev all viktig kjerneinformasjon. Men sjølv om det kunne vere praktisk for AskADAM, skal vi ikkje skrve innleiinga i SMS-språk. --Knut 31. desember 2008 kl. 14:01 (CET)[svar]
Dei var i kontakt med Caplex, men interessa var minimal. Eller rettare, dei fikk ikkje noko svar frå dei. Det er også grunn til å merke seg at SNL har eit tilsvarande kompaktleksikon, men at det foreløpig ikkje er gjort tilgjengeleg på dette viset. Jeblad 31. desember 2008 kl. 14:12 (CET)[svar]

Oppsummering[endre wikiteksten]

Det er ført gode argumentar mot sletting (av Trondtr 31.12), og følgjeleig er det ikkje konsensus for sletting. Og då er det vel ikkje verd å bruke meir tid på denne diskusjonen. -Knut 21. januar 2009 kl. 21:43 (CET)[svar]

Artikkel slettet på nb[endre wikiteksten]

Artikkelen ble slettet på nb. ZorroIII 2. januar 2009 kl. 16:06 (CET)[svar]

Og gjennoppretta 10 månader seinare :-) --Knut 2. november 2010 kl. 07:13 (CET)[svar]