Diskusjon:Audun Hugleikson Hestakorn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005

Dødsmåte[endre wikiteksten]

I denne artikkelen står det at han vart halshoggen, medan det i artikkelen om Håkon V Magnusson, og dei få andre stadane eg har sjekka, står at han vart hengd. Kva stemmer, for begge delar kan vel ikkje vera rett? Jorunn 16. mai 2005 kl. 1445 (UTC)

Ja, til og med i Eyðuns rima står det at han vart hengd. I tillegg meiner eg å ha lese at halshogging slett ikkje var ei nedverdigande straff; tvert om var det ei (relativ) ære ein viste adelege og andre storfolk. Henging var derimot noko ein gjorde med landeveisrøvarar og andre illgjerningsmenn. -- Ranveig 16. mai 2005 kl. 1807 (UTC)
Eg tek vekk det om halshogginga, eg finn det ikkje nemnd nokon annan stad enn her. Om nokon har i mot det får dei setja det inn att. Jorunn 16. mai 2005 kl. 2351 (UTC)
Korrekt! Min feil. Han vart hengd. kurtber 21. mai 2005 kl. 1139 (UTC)

Hugleikson eller Hugleiksson? Eg finn namnet skreve på begge måtane, men er ein av måtane meir rett enn den andre, eller er det hipp som happ? Jorunn 17. mai 2005 kl. 0022 (UTC)

Den norrøne regelen er grei: -s- føre -son der grunnforma har genitivs-s (Ormsson), -a- i svake hann-/hokjønnsord med nominativ på -i(/e) (Tryggvason), -u- i svake hann-/hokjønnsord med nominativ på -a (Sturluson), og -ar- i ord med eintal genitiv på -ar (Hákonarson). ;-) Konklusjonen blir at det er vilt kaos i nynorske former... Personleg liker eg best å halde på dei norrøne endingane i samband med norrøne personar. Men det er ikkje i og for seg feil å bruke --son i staden for --son på nynorsk. Olve 17. mai 2005 kl. 0216 (UTC)
Trur han vert omtala som Hugleikson (ein -s-) til vanleg... kurtber 21. mai 2005 kl. 1139 (UTC)
Jeg mistenker at fordi Edvard Hoem og andre skriver «Hugleikson» blir det oppfattet som mer «riktig» enn «-sson» (som jeg ville foretrukket).

Me plar ikkje bruka titlar i namn på artiklar (sjå til dømes kategori:norske regentar). Finst det nokon spesiell grunn til ikkje å flytta denne sida til Audun Hugleikson Hestakorn (evt. Hugleiksson)? -- Ranveig 23. okt. 2005 kl. 08:04 (UTC)

Flytt i veg!!! :-D Det synest no i alle fall eg... :) Olve


Lenker til sida[endre wikiteksten]

Mannen er antatt og spekulert til å ha hatt vide fullmakter. (Døme; forhandlingar med Frankrike om 30 000 stridsmenn.) Han er også omtalt som slektning av ein konge og den mest lovkunnige mann i landet under Magnus *Lagabøte*. Burde han bli lenka til fleire emner enn kongen som fekk Audun avretta?