Diskusjon:Døgn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Døgn=day?[endre wikiteksten]

Her har vi eit problem. Engelsk day brukast i praksis som vi brukar døgn. Bør vi da ta interwikiene for day hit? --KRISTAGAα-ω 5. apr 2005 kl. 2234 (UTC)

I ein ideell verden burde me kunne ha lenkjer frå ein artikkel på en: til alle synonym på nn: – og omvendt – men slik robotar lagar interwikilenkjer trur eg det kan bli rot med lenkjer mellom artiklar som eigentleg ikkje høyrer saman – t.d. nn:døgn og sv:dag. Difor trur eg me bør ha lenkje frå en:day til nn:dag, men ikkje til nn:døgn. --Eddi (Snakk) 5. apr 2005 kl. 2315 (UTC)

Stjernedøgn eller siderisk døgn?[endre wikiteksten]

I artikkelen vert det nytta ordet stjernedøgn, medan det finnes ein annan artikkel somer kalla siderisk døgn. Dette er det same, og me må velge eit av orda. Eg har i artikkelen år vald å nyttta stjerneår, med siderisk år som sideform. Eg ville difor valdt å endre artikkelen "siderisk døgn" til "Stjernedøgn" og heller henvise. Er de samde??? Hogne 27. mai 2005 kl. 2104 (UTC)

Eg er i alle fall samd. Stjernedøgn er litt lettare å forstå og hugsa enn siderisk døgn. Du kan godt flytta artikkelen sjølv ("flytt"-knappen oppe mot høgre), og skriva om det som trengst. Både stjerne- og sidereisk bør nemnast i artikkelen slik at ein er sikker på at alle forstår. -- Ranveig 29. mai 2005 kl. 1001 (UTC)