Diskusjon:Drabantby

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg likar ikkje denne artikkelen. Drabantbyar (engelsk Satelite cities finst ikkje i Noreg. Lambertseter, Romsås og andre døme er kanskje sovebyar, men knapt nok det. Andelen bustadar er alt for stor til at det kan kallast drabantby. At dei blir kalla drabantby på norsk gjer dei ikkje til det. Artikkelen bør skrivast heilt om. --Ekko 21:24, 31 august 2006 (UTC)

Bokmålsversjonen artikkelen er omsett frå er etter mi meining for lik oppføringa Drabantby i Store Norske Leksikon, og artikkelen her kan med fordel slettast og startast på nytt.
Fleire setningar er eksakt kopi, eit par er lett omstokka, ein er endra frå «anlagt i eller utenfor periferien av en større by» til «oftest utenfor periferien av en større by», og så er tillagt «slike som kino, bibliotek etc» og «Første norske drabantby ble bygget på Lambertseter øst for Oslo sentrum, regulert og tegnet for OBOS av Frode Rinnan rundt 1950.». Elles står alt i drabantbyoppføringa i SNL også. --Jorunn 23:17, 31 august 2006 (UTC)
Beklagar, min feil. Eg sjekkar ikkje leksikonbøker når eg opprettar artiklar. Eg veitt det er mykje rusk og rask på no, men eg trudde dei hadde betre kvalitetskontroll enn det. Eg har no tatt feil før, og. --Anders 07:59, 1 september 2006 (UTC)
Det har hendt meg også. Det er umogleg å sjekke alle stader noko kan vere kopiert frå før ein hentar noko frå andre Wikipediar, ein lyt rekne med at det er i orden. Dette viser ei annan grunn til at det bør vere obligatorisk med kjeldeoppgjeving, hadde SNL vore oppgjeven som kjelde i artikkelen på nb hadde ein i alle fall kunna sjekka SNL og sett kor mykje det likna. At artiklar har kjelder oppgjevne gjer det også lettare å gå artikkelforfattarane etter i saumane. --Jorunn 11:14, 1 september 2006 (UTC)
Då byrjar me på nytt. Den nye artikkelen bør då (med kjelder sjølvsagt!) seie noko om drabantbyideen hos ymse byplanleggarar og korleis den stemmer med korleis ordet blir nytta i dag. --Ekko 07:30, 1 september 2006 (UTC)