Diskusjon:Elisa

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Her må ryddast: Stemma hennar er rekna som ei av dei beste innan italiensk populærmusikk; av kven? den einaste italienske, kvinnelege vokalisten som skriv og syng låtar på engelsk; dette kan ikkje etterprøvast og må ut. Fleire slike nedover i teksten. --Ekko 08:19, 4 mai 2007 (CEST)

Norsk eller engelsk[endre wikiteksten]

Ordet singelen burde vel byttast ut med stuttplata? --Sigmundg 17:40, 6 september 2007 (CEST)

Det må då finnast eit betre erstatning for eit lånord, enn eit anna lånord? Helst eit som er i bruk, eg får berre islandske treff. I staden for importere framandord, er islendarane er flinke med å finne nye ord, men det er ikkje vår jobb... --Anders 17:59, 6 september 2007 (CEST)
Ikkje vår jobb meir enn andre sin jobb, men som medlemmar av den ganske almuge er det vel like mykje vår jobb òg som andre medlemmar av almugen sin jobb. Om vi ikkje har eit ord tykkjer eg det er meir naturleg å importera eit islandsk enn eit engelsk ord. Islandske og svenske ord høver godt saman med språket vårt. Det er det meir skjeldan at engelske ord gjer. --Sigmundg 21:43, 6 september 2007 (CEST)