Hopp til innhald

Elisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For namnet Elisa, sjå Elise
Elisa Toffoli

Elisa opptrer på ein konsert i Firenze i januar 2007.
Fødd19. desember 1977 (46 år)
FødestadTrieste
OpphavItalia
Aktiv1996 -
SjangerPop og rock
InstrumentSong, piano og gitar
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapSugar srl
Gift medAndrea Rigonat
PrisarTarga Tenco, Festival della Canzone Italiana di Sanremo, Q3870550

Elisa, fullt namn Elisa Toffoli (fødd 19. desember 1977), er ein italiensk artist som skriv og spelar musikk innan fleire sjangrar, hovudsakleg rock, blues, soul og ambient. I motsetnad til fleirtalet av kvinnelege, italienske artistar, skriv og syng ho i hovudsak på engelsk. I Noreg er ho mest kjend for singelen Come Speak to Me som blei spelt mykje, mellom anna på NRK P1 og P3 hausten 2002. Låten var og med på McMusics samle-CD Woman V.

Barndom og oppvekst

[endre | endre wikiteksten]

Elisa blei fødd i Monfalcone i provinsen Gorizia i nordaust-Italia, og viste alt som barn store kunstnariske evner innan dans, måling, deklarasjon og novelleskriving. Kjærleiken for kunst voks gjennom dikt av Rudyard Kipling og songtekstane til Jim Morrison i The Doors, men talentet hennar kjem best fram i musikken. Ho skreiv sin fyrste song med tekst som elleveåring og opptredde i eit TV-sendt karaokeprogram som femtenåring.

Debut og italiensk gjennombrot

[endre | endre wikiteksten]

I mai 1997 blei Elisas fyrste single Sleeping in Your Hand utgjeven, snart fylgt av debuten Pipes & Flowersprodusert av Corrado Rustici. Rustici har elles produsert artistar som Whitney Houston, Aretha Franklin og Zucchero. Alle låtane var heilt eller delvis sjølvskrivne, og albumet selte snart til trippel platina i Italia. Seinare spelte ho inn nok ein singel, Cure Me produsert av Darren Allison, som tidlegare hadde arbeidd med Skunk Anansie og Spiritualized. Sporet er på nyutgjevinga av Pipes & Flowers.

Oppfylgjaren Asile's World (Asile er Elisa skrive baklengs) blei utgjeven 5. mai 2000. Denne gongen hadde ho arbeidd med mange produsentar; Darren Allison, Howie B, Roberto Vernetti, Mauro Malavasi og Leo Z. I desember 2000 spelte ho for fyrste gong inn ein låt på italiensk, Luce (tramonti a nord est. Låten var opphavleg skriven på engelsk, men blei omsett til italiensk i samarbeid med mor hennar og Zucchero. Låten blei presentert på Sanremo-festivalen, der ho opptrådte i lag med Solis String Quartet. Framføringa gav ho kritikarprisen, og nyutgjevinga av Asile's World inneheld både engelsk og italiensk versjon av låten.

26. november vann ho tre prisar ved Italian Music Awards: Beste kvinnelege artist, Beste singel og Beste låt. Våren etter fekk ho au Premio Italiana della Musicas Beste kvinnelege artist og Beste singel. Eitt år seinare, 9. november 2001, kom tredjealbumet Then Comes the Sun, nok ein gong produsert av Rustici. Albumet selte til dobbel platina. Elisa hadde òg ei ærefull oppgåve ved avslutningsseremonien av dei olympiske leikane i Salt Lake City 2002, der ho framførte ein jazzversjon av Italias nasjonalsong etter overrekkinga av OL-flagget til Italia, som skulle arrangere OL i Torino fire år etter.

Internasjonal satsing og akustisk album

[endre | endre wikiteksten]

I august 2002 gav plateselskapet Sugar ut eit internasjonalt album kalla Elisa, som nærmast er ei samleplate basert på dei tre italienske albuma ho hadde laga. Den originale versjonen av Luce, Come Speak to Me, blei såelt mykje på MTV Europe og fleire europeiske radiostasjonar, au i Noreg, men klarte likevel ikkje å etablere Elisa som ein internasjonal artist. Elisa gav igjen ut ein låt med italiensk tekst i 2003, ein coverlåt kalla Almeno tu nell'universo. Seinare same år gav ho ut albumet Lotus, som inneheldt nye, akustiske versjonar av gamle låtar og nokre nye, mellom anna ein versjon av Leonard Cohens Hallelujah, ein låt som få år seinare gjekk som ein farsott over Noreg i ein versjon av Espen Lind, Alejandro Fuentes, Askil Holm og Kurt Nilsen.

15. oktober 2004 kom femtealbumet Pearl Days, produsert av Glen Ballard, kanskje best kjend som mannen bak Alanis Morissettes Jagged Little Pill. Singelen Una poesia anche per te, som au var opphavleg skriven og utgjeven på engelsk som Life Goes On, blei Italias fjerde mest selde singel i 2005. Sommaren '05 spela Elisa på Romas Live 8-konsert, på same scene som mellom ande Zucchero, Luciano Ligabue og andre kjende italienske artistar. Seinare same år vann ho prisar for beste tekst og beste video for Una poesia anche per te.

Tidleg i 2006 kom Teach Me Again, ein duett med Tina Turner. Den sjølvskrivne låten var med i filmen All the Invisible Children, og blei sleppt som singel i Italia, Tyskland, Austerrike, Sveits, Hellas, Luxemburg og Spania. På same tid framførte Elisa hiten Luce ved avslutningsseremonien av Torino-OL, ved sida av artistar som Andrea Bocelli, Avril Lavigne og Ricky Martin.

"Best of"-plate og internasjonal satsing II

[endre | endre wikiteksten]

17. november 2006 kom Soundtrack '96-'06, ei samleplate som inneheldt singlane gjennom dei fyrste ti åra som plateartist, samt fire nye låtar, tre av dei på italiensk. Sampleplata har selt over 700 000 eksemplar i Italia, nok til diamantplate.

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
År Album
1997 Pipes & Flowers
2000 Asile's World
2001 Then Comes the Sun
2002 Elisa (internasjonalt album)
2003 Lotus
2004 Pearl Days
2003 Soundtrack '96-'06 (samle-CD/"best of")
2007 Caterpillar (internasjonalt album)
2008 Dancing (berre USA og Canada)
År Singel
1997 Sleeping in Your Hand
1997 Labyrinth
1998 A Feast for Me
1998 Cure Me
2000 Gift
2000 Happiness Is Home
2000 Asile's World
2001 Luce (Come Speak to Me)
2001 Heaven out of Hell
2002 Rainbow
2002 Dancing
2003 Almeno tu nell'universo
2004 Broken
2004 Together
2004 The Waves
2005 Una poesia anche per te
2005 Swan
2006 Teach Me Again (med Tina Turner)
2006 Gli ostacoli del cuore (med Luciano Ligabue)
2007 Eppure sentire (un senso di te)
2007 Stay

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]