Diskusjon:Fortran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dei to siste setningane: Fortran har vorte mykje nytta i akademiske miljø, serskilt innan realfag som matematikk, fysikk og kjemi. Industrielt og kommersielt har bruken av Fortran vore minimal. kan høve godt for Algol60-språket som kom inn til Noreg med GIER-maskinen på NTH i 1961. Men ikkje for Fortran i 60- og 70-åra. Det er ikkje lett å finne tal for å godtgjere situasjonen. Ei av fleire årsaker for Fortran si stilling var posisjonen i marknaden for IBM. Eit sitat frå Brian McNamara, college of computing, Georgia Institute of Technology:

Largely due to support from IBM, Fortran was the most used language in computing for the next 25 years or so. (Frå 1958 og 25 år framover)

Mykje av programvaren som vart utvikla i 60- og 70-åra var utnytting nettopp av statistiske metodar, matematikk og (geo-)fysikk, t.d. simuleringar, meteorologi og seismologi, handsaming av "geodata" m.m. og det fanst få andre alternativ til Fortran og Cobol for praktiske kommersielle formål før Unix og C vart utbreidd. Ser ein på Noreg på 70-talet stod truleg Fortran enda sterkare enn i andre land grunna dominans frå ND.

Utbreiing dei siste åra er minimal, sjå:

  1. www.developer.com
  2. www.dedasys.com og
  3. www.complang.tuwien.ac.at/anton/comp.lang-statistics

Prosentrekning frå sistnemnde, rang etter aktiviteten på Usenet: 1997:

Nr 1 Java 20,3% (relativt nytt språk, stor dominans)
Nr 16 Fortran 1,2%

2005:

Nr 1 Java 12,3%
Nr 14 Fortran 2,3%

Eg synest og at setninga om 77-versjonen som den viktigaste må grunngjevast, t.d. med at det vart enklare å handtere tekst. Men i grunnen var æra over for Fortran då denne versjonen kom. roarjo 4. august 2005 kl. 14:11 (UTC)


Desse målingane måler ikkje kor utbredt programerinsspråka er, men kor populære dei er. Det er svært mykje gamal fortrankode rundt omkring, men det meste er i vedlikehaldsmodus, og det er svært lite ny kode. Unnataket er numeriske simuleringar, der det aldri ser ut til å døy ut. På grunn av at det er lite ny kode, at den koden som er ofte blir vedlikehaldt av middelaldrane tilsette, og at fortran gir lite status, så er fortran relativt lite synleg på nettet. Det er det desse nettsidane måler. Det samme gjeld COBOL, som truleg forsatt er det programmeringsspråket med flest linjer kode i produksjon. Ein trur at java går forbi eller gjekk forbi i 2004/2005. Ser ein på målingar som dei du siterte skulle du ikkje tru det.

Gisle 4. august 2005 kl. 20:54 (UTC)

Ja eg meinte popularitet, ikkje utbreiing. Formålet var å finne spor etter bruk av Fortran. Som artikkelen no fortel, Fortran har hatt og har industriell og kommersiell bruk, den utvida artikkelen har etter mitt syn dei "rette" poenga no. -- roarjo 4. august 2005 kl. 22:13 (UTC)