Unix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unix


Utviklar(ar)Bell Labs, Ken Thompson, Dennis Ritchie, Brian Kernighan
Utgjeve1969
Skrevet iC, assembler
Avleidde systemBSD, Linux
Nettstadhttps://opengroup.org/unix
FøregangarMultics
UNIX-familien

UNIX® (kjend som Unix) er eit operativsystem som køyrer på mange ulike maskinarkitekturar. UNIX var ei videreføring av prosjektet Multics. Arbeidet med Multics feila, men vart teke over av tilsette ved AT&Ts Bell Labs, der det vart til UNIX. Dei mest kjende personane bak UNIX frå denne tida er Ken Thompson, Dennis Ritchie og Douglas McIlroy.

Før UNIX var operativsystema tunge og uoversiktlege sidan program ofte var programmerte til å utføre fleirfaldige oppgåver samstundes. Då strukturen i UNIX-systemet vart utforma baserte ein seg heller på små program som berre utførte ei oppgåve om gongen. I tilfelle då maskina skulle utføre store, tunge oppgåver, køyrde ein informasjonen frå program til program gjennom «logiske røyr» (eng. pipes).

Under arbeidet med UNIX fekk ein òg bruk for eit lett, enkelt og maskinnøytralt, men kraftig programmeringspråk for å kunne flytte program frå maskin til maskin. På den tida måtte eit program skrivast på nytt for kvar nye type maskin, noko som var særs upraktisk. Det var byrjinga på programmeringsspråket C.

Ein viktig del av UNIX er òg det såkalla skalet, som er eit program som tolkar kommandoar brukaren skriv inn i eit tekstvindauga på skjermen. Skalet har vore og er framleis det viktigaste grensesnittet mellom brukar og operativsystem. Gjennom skalet kan brukaren administrere filer, få oversikt over systemressursar, starte opp andre program osv. I staden for å skrive kommandoane interaktivt i tekstvindauga, kan brukaren òg lage ei tekstfil med dei same kommandoane. Tekstfila kan deretter køyrast som eit vanleg program, og me kallar slike tekstfiler skalskript (eng. shell script). Dette gjer bruken av eit UNIX-system vesentleg enklare. Regelbundne oppgåver som skal utførast til dømes kvar dag klokka fire, kan programmerast og bli tekne vare på i eit slikt skript.

Fleire operativsystem har basert seg på eller henta inspirasjon frå UNIX, blant andre GNU/Linux, Minix, BSD (FreeBSD, NetBSD, OpenBSD, Mac OS X), Solaris og plan9.

I dag er restane av det som ein gong var det offisielle UNIX spreidd rundt omkring, noko som har ført til fleire kontroversar. AT&T selde UNIX til Novell i 1993, som seinare bestemte seg for berre å behalde kjeldekoden og å selje varemerket UNIX og Single Unix Specification til The Open Group. «Single Unix Specification», som i dag er i si tredje utgåve (Unix 03), er ein spesifikasjon som seier kva krav som stillest til eit operativsystem for at det skal kunne kallast UNIX. Ingen av dei to mest brukte UNIX-liknande operativsystema i dag, Linux og *BSD, er sertifiserte under denne standarden, sjølv om det ikkje skal mykje ressursar til for å få dette til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]