Diskusjon:Frode Grytten

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.


Er denne artikkelen klar for å bli presentert på framsida neste veke?? Hogne 12. august 2009 kl. 23:22 (CEST)[svar]

Ja, og om eg ikkje får han heilt ferdig, kan han kanskje presenterast likevel? Vi har jo brukt kortare artiklar tidlegare. Det har iallfall vore kjekt å arbeide med dette emnet. --EIRIK\diskusjon 13. august 2009 kl. 00:51 (CEST)[svar]

Innleiinga[endre wikiteksten]

Bør avsnitt 2 og 3 i innleiinga bytast om, slik at det som står om forfattarskapen og bøkene vert meir samla? Eit anna alternativ er å bytte om 3 og 4, men det trur eg ikkje tek seg like bra ut. --EIRIK\diskusjon 13. august 2009 kl. 19:39 (CEST)[svar]

Tvilsom påstand i ingressen[endre wikiteksten]

I ingressen, og i framsideutdraget står det at «Som forfattar har Frode Grytten vorte både hylla og kritisert». Eg har lese artikkelen igjennom for å sjå kven som har kritisert Grytten og for kva. Eg vart ikkje klokare, og vil påstå at setningen er misvisande, ikkje minst fordi åpningsformuleringa i setninga, «som forfattar», er eigna til å skape inntrykk av at forfattarskapen som heilskap har vorte kritisert.

Som bibliotekar og litteraturkritikar (og som jurymedlem da Grytten fekk nynorsk litteraturpris) synest eg at en har ei viss røynsle med omtale av forfattarar. Dersom vi seier at ein forfattar «har vorte kritisert» så vil dei fleste forstå det som om han har skrive (grovt) kritikkverdige eller kontroversielle bøker, eller i det minste bøker som har framkalla påfallande indignerte reaksjoner frå markante einskildkritikarar. (Døme: Mykles rubin, Faldbakkens bryllupsreise, Hallbing/Mastersons kvinnesyn, Mia Gundersens indiskresjonar, Dagbladet om Ragdes siste. Supplerande døme: Ordskiftet om Fløgstads siste roman er IMO ikkje nok, i seg sjølv, til å seie at forfattaren «har vorte kritisert», dersom det skal stå som ei samla introduksjon til vurderinger at forfatterskapet). Dersom det er tale om einskildkritikarar som har peikt på veikskaper i einskildbøker, så er uttrykket «har vorte kritisert» eigna til å villeie lesaren. Eg kjem til å ta ut setningen, og så får den som er usamd ta eit ordskifte her før han vert sett attende. Mbh --MHaugen (Orland) 22. august 2009 kl. 20:42 (CEST)[svar]

Eg er heilt einig med deg, Morten, og det må ha vore «ein augneblink av tankeløyse» som gjorde at eg sette det inn i det heile teke. Det hadde vore kjekt om du tok deg tid til å sjå over artikkelen og kome med framlegg til andre forbetringar. Takk for at du påpeikte denne i alle fall. --EIRIK\diskusjon 22. august 2009 kl. 23:24 (CEST)[svar]

Tal på barn o.a.[endre wikiteksten]

Eg rulla attende ei endring om talet på barn Grytten har og kvar han er busett. Det kan godt henda det er rett, men det er ikkje lagt til ein ny referanse som stadfester dette. --Ranveig (diskusjon) 18. oktober 2015 kl. 09:14 (CEST)[svar]