Frode Grytten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frode Grytten
Frode Grytten2.jpg
Frode Grytten under litteraturfestivalen på Café Sting i 2007.
Foto: Jarle Vines
Nasjonalitet Norsk
Fødd 11. desember 1960 (56 år)
Bergen
Yrke Forfattar
Rørsle Postmodernisme, «underdriven prosa»[1]
Frode Grytten på Commons

Frode Grytten (fødd 11. desember 1960 i Bergen) er ein norsk forfattar og journalist. Han voks opp på industristaden Odda i Hardanger, som handlinga i mange av bøkene hans også er lagd til. Grytten skriv for det meste på nynorsk.

Han debuterte med diktsamlinga Start i 1983. Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong frå 1999. Boka er omsett til fleire språk og det er også laga eit teaterstykke med grunnlag i henne.

Frode Grytten har vore busett i Bergen sidan han byrja å studere der som 18-åring. Ei tid var han fast tilsett kulturjournalist i avisa Bergens Tidende, men han har etter kvart vorte forfattar på heiltid.

Han har (per 2011) gjeve ut éi diktsamling, ni novellesamlingar (av desse, tre med noveller i utval), fire barnebøker, tre romanar, éi reiseskildring og éi artikkelsamling. I tillegg har han vore redaktør for ein antologi, skrive ei miniatyrbok og tekstar til ei bok med bilete av trehytter. Han har vorte heidra med mellom anna Brageprisen og Rivertonprisen, i tillegg til at han har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Frode Grytten voks opp på Hjøllo i Odda.[2] Mor hans arbeidde som frisør og far hans som møbelseljar.[3] Musikken spela – på same måten som i fleire av bøkene hans – ei viktig rolle for han i oppveksten. Han fortel sjølv: «Som 14–15-åring vart eg fascinert av musikken. Roxy Music var den første verkeleg store gruppa for meg. […] På 70-talet kom punken. Eg vart ikkje punkar med hanekam, men eg høyrde på punkmusikken.»[2]

Frode Grytten i Odda i 2005.
Foto: Arne Midtbø

Grytten har skildra seg sjølv som sjenert, både i ung og vaksen alder. I eit intervju sa han mellom anna: «Det var ikkje mykje eg sa på ungdomsskulen, men eg sa iallfall at Bob Dylan ville fått Nobelprisen om han ikkje hadde laga musikk til tekstane sine.» For å overvinne sjenansen skapte han alter egoet «Arne Speed Mikaelsen», som han prøvde å skrive i Bergens Tidende med. Han har også opptredd som denne personen framfor eit publikum på 1500 menneske i Grieghallen.[3]

Då han var 18 år, flytte han frå Odda til Bergen for å studere. Grytten er utdanna cand.polit. med administrasjons- og organisasjonsteori som spesialfelt på Universitetet i Bergen.[2] Hovudfagsoppgåva hans heitte Den politiske prosessen med å etablere boliger for psykisk utviklingshemmede, før eller etter HVPU-reformen.[3] Etter at han var ferdig med utdanninga, prøvde han å søkje jobb i byråkratiet. Men han fekk ingen jobb, og det har han sagt at han er glad for i dag.[2] Seinare vart han fast tilsett som kultur-/reportasjejournalist i Bergens Tidende. Han var der tilsett i fotoavdelinga. Om dette sa han sjølv: «Bakgrunnen er at eg berre arbeider med reportasjar. Og då må ein vera der det er ekte interesse for reportasjar.»[2] Ein del av desse reportasjane er seinare utgjevne i essay- og artikkelsamlinga 50/50 frå 2010. Etter kvart tok han ut permisjon frå jobben for å få meir tid til å skrive bøker, før han til sist vart forfattar på heiltid.

Frode Grytten er i dag busett på Bønes i Fyllingsdalen i Bergen, er gift og har to ungar.[3]

Forfattarskapen[endre | endre wikiteksten]

Generelle tema og trekk[endre | endre wikiteksten]

Litteraturen til Frode Grytten har vorte skildra som «underdriven prosa», idet at skrivestilen hans er så «hardkokt og lakonisk».[1] Han skriv ofte svært enkelt, og det er sjeldan at han brukar framandord eller «store ord». Dette gjer at han har vorte samanlikna med eldre forfattarar som Kjell Askildsen og Øystein Lønn. Av forfattarar i samtida til Frode Grytten kan skrivestilen hans også delvis samanliknast med Odd W. Surén.

Grytten gjer bruk av undertekst i mange av novellene sine. Med andre ord må ein lese mellom linjene for å få med seg til dømes kva som eigentleg går føre seg, eller kva hovudpersonen eigentleg føler. Det er mykje humor i bøkene hans, men denne ligg alltid i underteksten. Han prøver ikkje å forklare for lesaren kvifor – eller om – noko er morosamt eller ikkje.[4]

Bruce Springsteen vert brukt som rollemodell for hovudpersonen i novella «Ein bibel og fem flasker øl» i Langdistansesvømmar.

Musikk spelar ei viktig rolle i mange av bøkene til Frode Grytten. Nokre gonger er det songar som er sjølve utgangspunktet for novellene, som i Popsongar. Andre gonger brukar han sitat frå songtekstar for å understreke ei stemning, eller for å seie noko om personane i bøkene.[4] Han har også brukt musikkartistar som rollemodellar for personane sine. Eit døme på dette kan ein finne i Langdistansesvømmar: «Den natta drømte eg at Bruce Springsteen reiste seg frå senga heime hos foreldra, gikk stilt gjennom det mørklagde huset, ned trappa, inn i garasjen der den gamle punchingballen hang frå taket, sette seg inn i ein Chevy ’69 […]»

Det er personane Frode Grytten fokuserer på i historiene sine. Nokre gonger skildrar han livsløp eller kjærleiksforhold, medan han andre gonger utvidar augneblinken idet personen eller personane opplever ei endring i livet sitt.[4] I fleire av novellene sine skildrar han personar som opplever lukke, men aldri einsidig lukke. Det ligg ei visse i bakgrunnen om at lukka ikkje er varig. Elles er overgangsfasen mellom barn og ungdom eit tema han tek opp i fleire av bøkene. Denne problematiseringa av sosialiseringa og den mannlege kjønnsrolla finn ein også hjå mange andre forfattarar som skreiv på 1980-talet.[5] I vidare forstand tek han opp identitetsproblematikk både i ung og vaksen alder.

Start[endre | endre wikiteksten]

I 1983 debuterte Frode Grytten med diktsamlinga Start. Ho vart utgjeven på Aschehoug og var skriven på bokmål. Grytten var 23 år då han gav ut denne boka, så ho er naturleg nok skriven frå ein ung ståstad.[4] Samlinga er forma som eit løp, der ein følgjer eit menneske i startfasen av livet, frå barndom til pubertet og sein ungdom.[6] I tillegg til oppvekst er også trongen til å kome seg til ein større stad framtredande. Kritikarane var ikkje overbegeistra over diktsamlinga. Fleire meinte at han mellom anna mangla biletlogikk. Ingar Skrede i Dagbladet skreiv mellom anna at: «Bildene hans kan være spenstige, yre, men også haltende og/eller flate. Det står et sted om morgenen som pumper lystig i vei på orgel, hvilket må bety et harmonium, men i linjene like etter spilles det pedal.»[6] Samtidig meinte dei å sjå eit potensial for utvikling hjå Grytten.[7]

Dans som en sommerfugl, stikk som en bie og Langdistansesvømmar[endre | endre wikiteksten]

Tre år etter debuten, i 1986, følgde han opp med den fyrste novellesamlinga si, Dans som en sommerfugl, stikk som en bie, også denne på Aschehoug. Her vekslar Grytten mellom nynorsk og bokmål: Sju av novellene er på bokmål og fem er på nynorsk. Temaet i denne boka er mykje det same som i diktsamlinga, og dei fleste av novellene handlar om oppvekst på 1960- og 1970-talet. Han skildrar personar som prøver å finne balansegangen mellom sentimentalitet og brutalitet i mannsrolla dei er på veg inn i. Forteljarhaldninga er heile tida nøktern og distansert, også når det gjeld mobbeoffer og andre ein kan føle medkjensle med.[5] Tittelen er den same som slagordet til tungvektsboksaren Muhammad Ali, og i fleire av novellene spelar også boksing ei rolle. Denne novellesamlinga var ein god del meir populær hjå kritikarane enn debuten. Frode Grytten vert skildra som «en lovende og begavet forfatter»,[8] og det er lite negativt dei har å seie.

Langdistansesvømmar frå 1990 følgjer mykje i same sporet, men her har Grytten gått over til berre å skrive på nynorsk, og boka er utgjeven på Det Norske Samlaget. Ho inneheld 13 noveller, og mellom dei er det putta inn korttekstar som bind novellene saman. Desse fortel til saman ei historie om ein fødsel, frå dei fyrste veane dukkar opp til barnet vert født. Ein måte å oppfatte novellene på, er at dei alle handlar om personen som vert fødd i rammehistoria, sjølv om det ikkje er denne personen som fortel alle historiene eller er hovudpersonen i dei alle.[9] I alle fall er bestefar–far–son-tilhøvet eit viktig utgangspunkt for novellene, og dei er lagde til både 1930-, 1950- og 1970-/1980-talet for å fortelje historiene til desse tre slektsledda. Tittelen viser både til det nyfødde barnet som har sumt langt i magen til mora og mannsideala i novellene.[5] Boka er sagt å markere eit skilje i forfattarskapen til Grytten, i og med at ho er sluttpunktet for skildringa av ungdomslivet.[10] Kritikarane var nøgde med også denne novellesamlinga. Mellom anna skreiv Randi Brenden i Dag og Tid at: «Eg synes denne vesle novellesamlinga er eit viktig tilskot til bokhausten 1990,»[11] og Øystein Rottem i Dagbladet skreiv: «I det hele tatt er det nok å glede seg over.»[9]

Sammy Davis jr. opptrer på Birdland i 1956. Grytten viser til jazzklubben i den tredje novellesamlinga si.

80° aust for Birdland og Meir enn regn[endre | endre wikiteksten]

I 1993 gav Frode Grytten ut den tredje novellesamlinga si, 80° aust for Birdland. Birdland er ein legendarisk jazzklubb i New York, og 80° aust for Birdland finn ein Vestlandet.[12] Som tittelen fortel, spelar musikken ei spesielt viktig rolle i dei ni korte novellene ein finn i denne boka. Mange stader vert det vist til moderne rockeklassikarar av mellom andre The Clash og Bob Dylan. I tillegg finn ein ei større spreiing når det gjeld motiv og geografi enn i dei tidlegare bøkene hans.[10] Kritikken var god, men i bokmeldingane vart det peikt på at enkelte noveller var svake, uoriginale eller klisjéaktige.[13]

I Meir enn regn frå 1995 er det ei melankolsk stemning lesaren møter i dei ni novellene. Tittelen viser til Tom Waits-songen «More Than Rain». At alt ein gong tek slutt og angsten for å miste nokon er kjensler Frode Grytten skildrar med skrivemåten sin, som er usentimental, men likevel ikkje manglar medkjensle.[10] På same måten som i andre bøker, skildrar han også i denne samlinga det vanskelege valet om personane skal verte buande i heimbygda eller flytte til ein annan stad med fleire moglegheiter.[14] Ei utvikling ein kan sjå hjå Grytten i denne boka, er at han lèt meir vere opp til lesaren ved å ymte.[4] Likevel ynskte kritikaren Steinar Sivertsen seg «mindre fortolking og meir undertekst».[15] Elles var kritikkane stort sett gode.

Bikubesong og Popsongar[endre | endre wikiteksten]

Bikubesong frå 1999 var boka Frode Grytten fekk gjennombrotet sitt med. I denne tek han utgangspunkt i den tidlegare arbeidarbustaden og kjende bygningen Murboligen i Odda. Lesaren følgjer gjennom 25 historier eller kapittel dei 25 personane som bur der gjennom eitt år.[16] I bokomtalen står det at Bikubesong er ein roman. Meir nøyaktig har boka vorte kalla ein kollektivroman av kritikarar og andre. Dette er ein romansjanger som ikkje har ein tydeleg hovudperson. Andre kjende døme på slike bøker er Garman & Worse av Alexander Kielland og Kranes konditori av Cora Sandel. Boka har også vorte kalla ein «novellistisk roman» fordi tekstane, eller kapitla, i henne har ein tradisjonell novellestruktur. Men samtidig er det fleire ting som bind kapitla saman: fellesskapen personane har i Murboligen, og det at fleire av personane opptrer i fleire av kapitla, ein gong som hovudperson, ein annan som biperson.[16] Det var også nokon som drista seg til å kalle boka for heimstaddikting. Til det svara Grytten: «Det skal vi bli to om,» i samband med utgjevinga av den neste boka, Popsongar.[17]

Murboligen i Odda er skildra i Bikubesong.
Foto: Arne Midtbø

Om tittelen har Grytten sjølv sagt at: «‘Bikubesong’ er lyden som vert laga når dei 25 personane som bur i Murboligen syng saman.»[18] Innimellom journalistjobbinga, og med permisjon, brukte han fire år på å fullføre boka: «Bikubesong var ein intens prosess. Og eg var sliten då eg etter fire år vart ferdig med henne,» har han sjølv sagt.[19] I eit intervju i samband med boka sa han at det han vil med boka, er å skildre heile livet frå fødsel til grav. Han vil skildre både sorger og gleder, både latter og gråt.[4] «Desse historiene tok til i røynda, men enda ein plass i fiksjonen,» skriv han sjølv i innleiinga til boka.[20]

Grytten fekk Brageprisen 1999 for boka, i tillegg til at han vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris same år. Bikubesong fekk gjennomgåande svært gode kritikkar, men i samband med prisnominasjonane utmerkte Øystein Rottem i Dagbladet seg spesielt som kritisk.[21] Han hadde likevel gjeve romanen god attest i bokmeldinga si om lag éin månad tidlegare.[22]

I byrjinga av 2000 vart filmrettane til romanen kjøpte opp av Bergen Film AS, og dei var svært optimistiske med omsyn til å få laga film av Bikubesong. Men prosjektet stranda, og dei sa etter kvart frå seg rettane. I januar 2007 var det snakk om at Alligator Film AS skulle gjere eit nytt forsøk.[23] Planane om eit teaterstykke basert på boka fekk eit meir konkret resultat i 2003, då stykket – som var tilrettelagt og regissert av Lasse Kolsrud – fyrst vart sett opp ved Det Norske Teatret.[24] Stykket gjekk for fulle hus og fekk gode kritikkar.[25]

Med Popsongar, som kom i 2001, vidarefører Frode Grytten delvis konseptet frå Bikubesong med eit rammeverk rundt historiene. Men denne gongen går alle dei 24 novellene føre seg på ulike stader i verda. Dei er også fordelte utover alle dei 24 timane i eitt døgn, i tillegg til at dei er delte inn i to bolkar: «Avreise» og «Ankomst».[26] Og ikkje minst er alle novellene skrivne ut frå kvar sin popsong. Frå desse songane har Grytten henta både handling, tematikk, rytme og stil i skriveprosessen.[27] Sameleis som i popsongar vert også gjentaking i utstrekt grad brukt som verkemiddel, både ved at ordet «popsongar» stadig vert brukt og ved at dei enkelte linjene i novellene vert gjentekne. Om føremålet med boka seier Frode Grytten dette: «Eg ville skrive enkle, emosjonelle noveller med refreng. Og dei skulle handle om kjærleik.»[28]

Eit gjennomgåande tema i boka er identitet. «Popsongar er knytte til identitet. Popindustrien tilbyr ein identitet som ikkje har noko med verkelegheita å gjere,» sa Grytten i eit intervju.[28] Felles for mange av personane i Popsongar er at dei drøymer om å vere ein annan enn dei er. Som namna på dei to bolkane understrekar, er også reising eit viktig tema, i bokstavleg, men også i utvida tyding. For mange av personane i boka gjer reiser i liva sine. Boka har såleis likskapstrekk med ein danningsroman: Hovudpersonen reiser ut, får nye impulsar og vender heim.[26] Om boka hadde kritikarane mykje godt å seie, sjølv om enkelte meinte kvaliteten på novellene var ujamn.[29]

Flytande bjørn[endre | endre wikiteksten]

I 2005 gav Grytten ut den fyrste, og til no einaste, kriminalromanen sin. Han vart kalla Flytande bjørn og handlar om journalisten Robert Bell, som arbeider på lokalkontoret til Bergens Tidende i Odda, og må prøve å nøste opp i ei sak om dødsfallet til ein ung gut.[30] Romanen har klare likskapstrekk med amerikansk storbykrim, som til dømes det ein finn hjå Raymond Chandler og Dashiell Hammett.[31] Men vel så mykje som ein kriminalroman, kan boka seiast å vere ei augevitneskildring av ei forfallstid, både i media og industrisamfunnet i Odda. Romanen skil seg såleis litt ut frå dei andre bøkene Frode Grytten har gjeve ut.[32] Kritikken han fekk for boka var stort sett god, men nokre av bokmeldarane meinte at det ikkje vart nok eller god nok krim i henne.[33]

Rom ved havet, rom i byen[endre | endre wikiteksten]

Novellesamlinga Rom ved havet, rom i byen kom i 2007. Her er det ti målarstykke av den amerikanske realistiske kunstnaren Edward Hopper som utgjer utgangspunktet for novellene. Dei dreiar seg mykje om kommunikasjon og mangelen på nettopp det. Meir spesifikt handlar fleire av dei om korleis kjærleiken i eit parforhold utviklar seg: truskap og utruskap, å verte saman og å gå frå kvarandre. Stemninga er jamt over melankolsk. Eit anna tema som dukkar opp fleire gonger er fotografering og refleksjonar kring dette.[34]

Å gje ut ei bok av denne typen var ingen ny idé for Frode Grytten: «Det er vanskeleg å seie noko nøyaktig om når ideen om novellesamlinga kom, for han har vore der så lenge. Men eg har tenkt på dette i minst ti år,» sa han i eit intervju.[35] Grytten valde ein litt annleis framgangsmåte enn vanleg når han skulle skrive boka. Han skreiv nemleg novellene parallelt og fortel at: «Eg skreiv litt og litt på alle samtidig. Det gjorde eg for å få same stemning og eit heilskapleg språk i samlinga. Det var krevjande – men eg følte at eg måtte gjere det slik ettersom det er ein slik heilskapleg stil i bileta til Hopper.»[35] Nok ein gong fekk Grytten gode kritikkar, men Kåre Bulie i Dagbladet meinte likevel at ho vart litt einsformig og at ho mangla noko av vitaliteten dei tidlegare bøkene har hatt.[36]

Andre verk[endre | endre wikiteksten]

I reiseskildringa Dublin ville Grytten formidle noko anna enn eit postkortbilete av byen.

Dublin er ei reiseskildring Frode Grytten gav ut i 2002. Boka er ifølgje Grytten ikkje meint å vere ein konvensjonell reiseguide, men i staden eit slags portrett av Dublin, slik han sjølv ser byen. Undervegs i boka vekslar han til dels mellom ulike journalistiske og litterære uttrykksmåtar.[37] Frode Grytten er ikkje interessert i å skildre dei «vanlege» attraksjonane i Dublin (med unntak av pubane), og han skriv sjølv: «Eg er allergisk mot museum, eg klør over heile kroppen bare eg betaler inngongsbiletten.»[4] I staden skildrar han rockekonsertar, hesteveddeløp, fotballkampar, antikvariat osb.[37] Kritikarane likte boka, men enkelte av dei meinte skildringane av og til vart litt for romantiserande og klisjéaktige.[38]

Frode Grytten har også skrive fleire barnebøker. Den fyrste, Frosken Vertigo og det store spranget frå 1999, er illustrert av Birgitta Sondresen og handlar om ein frosk som er åleine i verda og lurer på kva for dyr han er.[39] Deretter følgde Urmakar Pisani og paradisfuglane med same illustratør i 2003. I denne boka følgjer lesaren ein urmakar som lagar gaukur med levande fuglar i.[40] I 2004 kom Hull & sønn. Denne boka er illustrert av Marvin Halleraker og handlar om hòlfabrikken Hull & sønn som vert nedlagd. Det viser seg då at heile samfunnet stoppar opp utan hòl.[41] I 2007 var Grytten bidragsytar i Godnattboka med novella «Finn har ein tiger under senga». [42] Den til no siste barneboka frå Grytten er Gabba gabba hey!, som er illustrert av Gry Moursund. Ho kom i 2008 og handlar om ein tivoligalen far og ein son som ikkje likar tivoli i det heile teke.[43]

Han har gjeve ut to bøker med noveller i utval, Eg blir her, eg drar ikkje frå 2000 og Sjuk av lykke frå 2006, som følgjer opp den fyrste. I 2009 kom Noveller i samling, som samlar alle novellene Frode Grytten hadde fått utgjeve til då. Same året bidrog han også til boka Det norske huset. Dette er ei bok med bilete av trehytter tekne av Jens Hauge. Grytten har skrive tekstar til bileta.[44] I samband med 50-årsdagen til Grytten i 2010 kom essay- og artikkelsamlinga 50/50 som inneheld 50 tekstar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 Start (Aschehoug. Diktsamling)
  • 1986 Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (Aschehoug. Novellesamling)
  • 1990 Langdistansesvømmar (Samlaget. Novellesamling)
  • 1993 80° aust for Birdland (Samlaget. Novellesamling)
  • 1995 Meir enn regn (Samlaget. Novellesamling)
  • 1997 Heim att til 1990-åra (Samlaget. Antologi med Frode Grytten som redaktør og bidragsytar)
  • 1999 Frosken Vertigo og det store spranget (Eide forlag. Barnebok illustrert av Birgitta Sondresen)
  • 1999 Bikubesong (Samlaget. Roman)
  • 2000 Eg blir her, eg drar ikkje (Samlaget. Noveller i utval)
  • 2001 Popsongar (Samlaget. Novellesamling)
  • 2002 Dublin (Spartacus forlag. Reiseskildring med fotografi av Oddleiv Apneseth)
  • 2003 Urmakar Pisani og paradisfuglane (Eide forlag. Barnebok illustrert av Birgitta Sondresen)
  • 2004 Hull & sønn (Spartacus forlag. Barnebok saman med Marvin Halleraker)
  • 2005 Flytande bjørn (Samlaget. Roman)
  • 2006 Sjuk av lykke (Samlaget. Noveller i utval)
  • 2007 Rom ved havet, rom i byen (Samlaget. Novellesamling inspirert av kunsten til Edward Hopper)
  • 2008 Gabba gabba hey! (Samlaget. Barnebok illustrert av Gry Moursund)
  • 2008 Hallo? (Bodoni forlag. Miniatyrbok)
  • 2009 Noveller i samling (Samlaget)
  • 2009 Det norske huset (Flamme forlag. Tekstar til foto av trehytter tekne av Jens Hauge)
  • 2010 50/50 (Samlaget. Essay- og artikkelsamling)
  • 2011 Saganatt (Oktober. Roman)
  • 2013 Brenn huset ned (Oktober. Roman)
  • 2014 Vente på fuglen (Kagge. Noveller)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Forfattarhefte – Frode Grytten (Oslo: Biblioteksentralen, 2002).
  • Norges litteraturhistorie, bind 8: Vår egen tid av Øystein Rottem (Oslo: Cappelen, 1998).

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Norges litteraturhistorie, bind 8, s. 756.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Prisa Odda-surrealisme» av Ottar Fyllingsnes i Dag og Tid (09.12.1999).
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Pønk fra rekkehuset» av Cathrine Sandnes i Dagsavisen (02.06.2001).
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 «‘Gå langs vegen som ein vanlig mann’ – nokre trekk ved forfattaren Frode Grytten» av Kyrre Andreassen i Forfattarhefte – Frode Grytten (Oslo: Biblioteksentralen, 2002).
  5. 5,0 5,1 5,2 Norges litteraturhistorie, bind 8, s. 757.
  6. 6,0 6,1 «Veltilpasset glede» av Ingar Skrede i Dagbladet (24.11.1983).
  7. «[…] det finnes noe mer, noen bilder som tyder på at det kan være utviklingsmuligheter hos denne poeten,» skreiv Knut Ødegård i «Lyriker som kom for tidlig ut» i Aftenposten (11.01.1984). «Forhåpentlig er han allerede på vei ut i noe større,» skreiv Ingar Skrede i «Veltilpasset glede» i Dagbladet (24.11.1983).
  8. «Livet, døden og hostesaften» av Tone Solberg i Dagbladet (12.10.1986).
  9. 9,0 9,1 «Noveller med tæl» av Øystein Rottem i Dagbladet (16.11.1990).
  10. 10,0 10,1 10,2 Norges litteraturhistorie, bind 8, s. 758.
  11. Bokmelding av Randi Brenden i Dag og Tid (01.11.1990).
  12. «Vestlandsk klangtone» av Steinar Sivertsen i Bergens Tidende (25.10.1993).
  13. «Historia verkar oppdikta, og for denne lesaren framstår ho som likegyldig målt mot resten av samlinga,» skriv Oddmund Hagen i «Utfordrar det vaksne» i Dag og Tid (29.10.1993) om «Ei regnvåt fele». «Spesielt original er ikkje boka,» skriv Steinar Sivertsen i «Vestlandsk klang tone» i Bergens Tidende (25.10.1993). «[…] kvalmen over neonlys i hovedstaden virker like klisjéaktig som den overbærende kjærligheten til kystlandskapet i vest virker ekte,» skriv Erle M. Stokke i «Frodig Grytten» i Morgenbladet (26.–29.11.1993) om «Orgie».
  14. «Livsnære noveller» av Eiliv Eide i Bergens Tidende (13.10.1995).
  15. «Når augneblinken utvidar seg» av Steinar Sivertsen i Stavanger Aftenblad (20.10.1995).
  16. 16,0 16,1 «Fantastisk roman» av Asle Aasen Gundersen i Dag og Tid (28.10.1999).
  17. «Nye noveller» av Kaja Korsvold i Aftenposten (27.05.2001).
  18. Bokomtale på Bokklubben.no.
  19. «Vestnorsk Bragejubel» av Cathrine Krane Hansen i Bergens Tidende (06.12.1999).
  20. «Verden går sakte av hengslene» av Sigri Sandberg i Vårt Land (18.01.2000).
  21. «Til de forvirrede» av Øystein Rottem i Dagbladet (07.12.1999).
  22. «En lovsang til Odda» av Øystein RottemDagbladet.no (31.10.1999).
  23. «Nye filmplaner for Bikubesong» av Finn Bjørn Tønder på BT.no (19.01.2007).
  24. «Frode Grytten» på SNL.no.
  25. «Bikubesong» hjå Det Norske Teatret.
  26. 26,0 26,1 «Hardkokte popsongar» av Pål Hamre i Dag og Tid (21.06.2001, www).
  27. «Sanger som stilsikre noveller» av Ingunn Økland i Aftenposten (30.05.2001).
  28. 28,0 28,1 «Umusikalsk forfatter» av Mariann Aalmo Fredin på Dagbladet.no (29.05.2001).
  29. «Popsongar innfrir forventningane, men held noko ujamn kvalitet» og «Enkelte av novellene er svært gode, men her er også noveller som verkar som uferdige skisser,» skreiv Pål Hamre i «Hardkokte popsongar» i Dag og Tid (21.06.2001, www).
  30. «Flytande bjørn» av Marta Norheim på NRK.no (28.09.2005).
  31. «The Big Sleep: Odda» av Anne Merethe K. Prinos på Aftenposten.no (26.09.2005, oppdatert 24.10.2008).
  32. «Frode Grytten» av Odd W. SurénAllkunne.no.
  33. «Det blir for lite krim til å vere kriminalroman og for opplagt kritikk til å vere ein verkeleg bitande politisk roman,» skriv Marta Norheim i «Flytande bjørn» på NRK.no (28.09.2005). «Skulle en likevel innvende noe mot denne intense romanen, måtte det være at selve krimen kanskje ikke er helt god nok,» skriv Trygve Riiser Gundersen i «Hardkokt fra Odda» på Dagbladet.no (26.09.2005).
  34. «Hjartet, ein kraftig muskel» av Knut Olav Åmås i Aftenposten (16.09.2007).
  35. 35,0 35,1 «Grytten i grålysning» på BT.no (18.09.2007).
  36. «Hun og han» av Kåre Bulie i Dagbladet (13.09.2007).
  37. 37,0 37,1 «En dubliner fra Odda» av Morten A. Strøksnes i Morgenbladet (14.–20.06.2002).
  38. «Av og til blir Gryttens forhold til byen litt vel romantiserende. Da kan man få inntrykk av at han heller skulle sett at hans store kjærlighet forble usminket, vill og vakker,» skreiv Morten A. Strøksnes i «En dubliner fra Odda» i Morgenbladet (14.–20.06.2002). «At ‘Dublin er ein indre tilstand,’ er en nokså tafatt observasjon som nærmer seg klisjéen,» skreiv Pål Gitmark Eriksen i «På jakt etter Dublin» i Fædrelandsvennen (24.06.2002).
  39. «Froskesprang mellom hyllene» av Cecilia Jørgensen på Trolliord.no.
  40. «Urmakar Pisani og paradisfuglane» på Ord.no
  41. «Samfunnslære for nokså store barn?» av Kjell Olaf Jensen på Barnebokkritikk.no.
  42. «Godnattboka» bokomtale frå Skald forlag på eigne nettsider.
  43. «Skummelt tivoli og surrealistisk bursdagsfest» av Mette Moe på Barnebokkritikk.no.
  44. «Barndomshjemmet» av Cathrine Krøger på Dagbladet.no (04.05.2009).
  45. «Sigmund Skard-stipendet». Nettstaden til Bærum Bibliotek. Vitja 20. august 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

God artikkel