Diskusjon:Fyrebilsbibelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kva kjem namnet Fyrebilsbibelen frå? --Ekko 23. juni 2006 kl. 09:54 (UTC)

Han var førebels? Ei betautgåve? --Jorunn 23. juni 2006 kl. 10:08 (UTC)
Det står noko meir om dette i soga om Studentmållaget. Eg skal sjå om eg finn denne boka ein stad ... Det skal òg stå noko om i dette i boka Og ordet vart nynorsk av Jarle Bondevik --Gunnernett 23. juni 2006 kl. 10:43 (UTC)
Blir han kalla dette på anna en høgnorsk? (Eg finn ikkje fyrebils i ordboka). --Ekko 23. juni 2006 kl. 11:33 (UTC)
Bibelen blir kalla 1921-bibelen, Studentmållagsbibelen eller Fyrebils-bibelen. Då boka kom ut, vart ho kalla fyrebils, og stavemåten frå 1921 har halde seg (gamal vande er vond å venda, o.s.v.). Halve omsetjinga var gjort av Seippel, og resten av omsetjinga vart gjort av studentar, delvis frå dansk. Omsetjinga var ikkje meint som den endelege og autoritative utgåva, ergo "fyrebils". Ebben 02:14, 29 juli 2007 (CEST)