Fyrebilsbibelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjorde Mosebok 1. kapitlet

1 So var det den fyrste dagen i den andre månaden året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, då tala Herren til Moses på Sinaiheidi, i møtetjeldet, og sagde:
2 «De skal taka tal på heile Israels-lyden etter ætter og ættgreiner, og skriva upp namni på alle karar, ein for ein,
3 alle våpnføre menner i Israel som er tjuge år gamle eller meir, skal de mynstra, flokk for flokk, du og Aron.
4 Og med dykk skal det vera ein mann av kvar ætt, den som er hovdingen for alle greinerne i ætti.

Fyrebilsbibelen eller Studentmållagsbibelen er nemningar på den fyrste omsetjinga av heile Bibelen til landsmål. Bibelen kom ut sommaren 1921 med tittelen Bibelen eller Den Heilage Skrifti og undertittelen Dei kanoniske bøkerne i Det Gamle og Det Nye Testamentet. Han vart prenta i eit opplag på 50 000.

Namnet fyrebilsbibelen kom av at ein ikkje hadde ferdig ei heil vitskapleg omsetjing frå grunnteksten. Omsetjingar til andre skandinaviske språk vart lagd til grunn. Arbeidet i bibelnemnda åt Studentmållaget i Oslo vart leia av Peter Hognestad. Som heilskap ber bibelutgåva mest preg av Alexander Seippel, som samla omsette kring ein tredel. Elles var fleire med på å omsetja større eller mindre delar av skriftene. Mellom desse kan nemnast Lars Eskeland, Jon Mannsåker, Arne Bergsgård, Torkell Mauland, Erik Eggen, Elias Blix, Ivar Mortensson og Anders Hovden. Gustav Indrebø gjekk gjennom språkføringa, og sytte for at alt fekk same form og rettskriving. Midtsommarsdagen 1921 tok bibelnemnda imot dei fyrste eksemplara av den ferdige Bibelen. Etter ti år var heile opplaget utseld. Det Norske Bibelselskapet sikra seg rettane til bibelutgåva, og gjekk i gang med å førebu ei ny revidert utgåve i samsvar med bokmålsutgåva frå 1930. Ragnvald Indrebø tok på seg revisjonen, og i 1938 kom den fyrste "endelege" nynorske Bibelen ut. Denne bibelutgåva vert gjerne kalla Indrebøbibelen.

Seippel nytta ein fulltonande og klangrik nynorsk, og han var ein språkkunstnar. Med Martin Luther som førebilete la han vekt på å få eit folkeleg bibelspråk. Seippel sa at «språket skulle vera so folkelegt som råd var; difor satte eg meg fyr at eg inkje ville skrive ei setning som eg inkje visste eller trudde at ein norsk bonde kunde segja». Seippel greidde å gje det nynorske bibelspråket den rike klangen som har prega det nynorske bibelspråket heilt fram til i dag. Det var Seippel som fyrst nytta «Lat»-formene i dei tre fyrste bønene i Fadervår: «Lat namnet ditt helgast». I 1978 kom ei form med «La -» også inn i bokmålsomsetjinga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Fyrebilsbibelen


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Studentmållaget i Oslo: Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900-2000, Oslo 2003. ISBN 82-521-5698-3

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]