Diskusjon:Geir Sindre Breivik

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vanskelig dette, skal han få ha artikkelen sin? Eit kjapt google-søk avlørar om lag 230 treff, mange av dei katalogoppføringar eller referat frå tippekonkurransar. Det er vel litt snaut? --Ekko 12:23, 21 august 2006 (UTC)

Eit større problem er at artikkelen berre har ein forfattar, nemleg Gsbreivik (sjølv). Slikt har vi ikkje hatt på nynorsk wikipedia før. Reglane bør vere:
  1. Skriv ikkje artikkelen om deg sjølv
  2. Viss andre skriv artikkelen om deg: Rett evt. faktafeil, eller kommenter på diskusjonssida, men la artikkelen vere i fred.
I dette tilfellet stemmer eg for sletting, så kan artikkelen kome sterkare attende den dagen nokon annan opprettar han (vi har fem komikarar til no). Trondtr 16:50, 21 august 2006 (UTC).

Det er 284 treff, om eg må få be... Og om ein ikkje skriv artikkelen sjølv, kven andre skal gjere det? Eg ser ikkje nokon av dykk gjere ein innsats for å lansere meg på verdensveven. gsbreivik 14:40, 22 august 2006

Svaret her gjev seg sjølv. Om du er den einaste som synest ein leksikonartikkel om deg er på sin plass, så er det vel kanskje ikkje det. Det er ikkje oppgåva til Wikipedia å lansera deg. --Ekko 13:37, 22 august 2006 (UTC)

Hadde det ikkje vore hyggeleg å lese om seg sjølv i leksikon, berre ein gong? gsbreivik 16:24, 22 august 2006

Viss alle skriv artikkel om seg sjølv fell kanskje noko av moroa med å lese om seg sjølv i leksikonet vekk? Eller kanskje vitsen med leksikonet fell vekk? Det er helst den siste tanken som gneg oss verst.
Eg er samd i at ein ikkje skal skrive om seg sjølv eller anna ein er for involvert i, men me veit at det skjer (Jimbo har gjort det sjølv), og me veit at det lett kan skje utan at me oppdagar det. No misstenkjer me at Brukar:gsbreivik er Geir Sindre Breivik. Grunnen til det er at brukarnamnet og artikkelnamnet liknar på kvarandre. Om han/ho som oppretta artikkelen ikkje hadde logga inn eller laga seg eit heilt anleis brukarnamn hadde me neppe sett nokon samanheng. Hadde det vore greit då? Skal me oppmuntre til meir bedragersk framferd ved å slette der me trur me veit folk har skrive om seg sjølv, slik at folk i staden lagar seg mindre gjenkjennelege brukarnamn når dei vil skrive om seg sjølv? No er det i det minste eit snev av openheit om kven som har skrive artikkelen (viss no altså Brukar:gsbreivik er Geir Sindre Breivik, viss ikkje syner det oss eit potensielt verre problem...).
Eg heller mot å meine at Geir Sindre Breivik er leksikonverdig, men eg er samd i at det er i grenseland og om artikkelen skal vere her eller ikkje er omtrent det same for meg. Det er mogleg at beste løysinga er å slette, eg kan evt. opprette artikkelen på nytt etter at han er sletta, då vil han verte fri for misstankar om at det er ein komikar som har skrive han. --Jorunn 00:29, 23 august 2006 (UTC)
Ja, det vil forsåvidt hjelpe. Tysk wikipedia har høg sletteprofil, engelsk låg, vi er ikkje i ein posisjon til å slette mykje: Med eit lite språksamfunn er lista lågare for kven som er interessant. Men det har noko med konsekvens å gjere: Skal vi skrive om denne komikaren, bør vi også ha artiklar om tilsvarande komikarar, osb. (gsbreivik bør dermed heller skrive om Geir Sindre Breivik sine kolleger, slik at vi har eit nivå der det er naturleg å ha med denne artikkelen også. Og så kan Jorunn evt. skrive ein ny versjon av denne artikkelen. Eg er framleis for sletting slik artikkelen står no, men som ein artikkel som del av eit komikarprosjekt, med andre forfattarar, er det ikkje så ille. Trondtr 06:33, 23 august 2006 (UTC).
Om han sjølv skriv eller ikkje synest eg ikkje er så viktig, anna enn at eg synest han syner god folkeskikk når han gjer det tydeleg at han skriv sjølv. Viktigare er spørsmålet om kor lista for leksikonoppføring ligg. Som eit minstemål må det gå ann å skjøna av artikkelen kva som gjev denne personen offentleg interesse. At han er ståopp-komikar? I våre dagar kan kven som helst stå på ei scene. At han har jobb i NRK? Det har mange tusen andre òg. Legg med lista så lågt vil eg gjerne skrive ein artikkel om den beste (og til no einaste) pediatriske ekkoteknikaren i Noreg. Eller kanskje ein om kjende motorsyklistar frå Bødalen?
Dersom det er andre ting ved Breivik som gjer at me bør kunne vita kven han er må han skrive det! --Ekko 07:34, 23 august 2006 (UTC)

"Leksikonverdig." Det er det finaste nokon nokon gong har skrive om meg. Takk Jorunn. Forøvrig er det ikkje korrekt at underteikna jobbar for statskanalen. gsbreivik 10:43, 23 august 2006

Gratulerar, no kraup du (etter mi meining) over streken. --Ekko 15:00, 23 august 2006 (UTC)
Det var altså ikkje meir som skulle til :) gsbreivik 17:43, 23 august 2006
Dette er ein interessant diskusjon dersom vi generaliserer han. Kor skal grensa gå for kva vi kan skrive om? Kanskje skal ein ikkje skrive om seg sjølv, men kva med andre nærskylde? Born? Foreldre? Venar? Eg har sjølv skrive artiklar om foreldra mine her. Burde det synleggjerast på noko vis? Er det for nært? Kanskje vi burde lage eit regelverk for dette? Samstundes er det jo og slik at vi sannsynlegvis går glipp av ein del artiklar om vi innskjerpar det for sterkt. stykkjet 07:37, 24 august 2006 (UTC)
Dessutan, nokon som kan definere leksikonverdig for meg? stykkjet 07:39, 24 august 2006 (UTC)
Ein generell diskusjon skal eg ikkje gje meg ut på, men praksis for tida er vel at musikarar og forfattarar må ha gjeve ut noko (eige forlag/selskap gjelds ikkje). Unntak blir gjort dersom dei har vore mykje framme i media. At Breivik er nemnt som manusforfattar i Internet Movie Database var med på å gjera han leksikonverdig i mine auge. Ein må kunne syne at det sansynleg at emnet for artikkelen har offentleg interesse. --Ekko 08:16, 24 august 2006 (UTC)
Ein grei stad å sjekke om folk har gjeve ut noko som er vurdert som innkjøpsverdig av Nasjonalbiblioteket og/eller andre norske bibliotek er http://bibsys.no/ — søk på Etternamn, fornamn i den generelle søkjeboksen. Personleg kryp eg vel så vidt det er over «den formelle terskelen» (om han no finst) i og med 4 BibSys-treff (men eitt er på eige forlag og eitt er ein nettstad; til gjengjeld kjem det ut ei bok til på eksternt forlag utpå hausten). Trur likevel ikkje at nokon akkurat græt seg i søvn over saknet på ein artikkel om meg — og det synest eg no er heilt i orden... :] Til alle oss titusenar av norskspråklege som ligg og duppar ein stad mellom «fullstendig ukjent» og «ørlite-grann-kjent-i-enkelte-meir-eller-mindre-snevre-krinsar» er det vel kanskje like greitt å slå oss til ro med presentasjon på eiga brukarside. Minst like «reieleg» er det òg — og direkte matnyttig, i og med at andre kan sjå tydelegare kva for skapningar som driv og skriv her. Eg vil dermed føreslå at alle som vil skrive om seg sjølve gjer dette på eigne brukarsider. Om ein vil skrive om nærme slektningar (foreldre, søsken eller born), så er vel inhabilitetsspørsmålet ikkje fullt så akutt, men det er likevel god grunn til å vise rimeleg varsemd.
Det er mange skribentar her som kunne skrive artiklar om seg sjølve i prinsippet. Dette gjeld politikarar, mållagstoppar, høgnorsktoppar osv. Men dei det gjeld vil oftast føretrekke å halde seg unna det ormebolet det lett blir av å skrive leksikon-sjølvbiografiar...
Synest det er ein god idé å laga eit prosjekt om norske komikarar. Da blir det nok naturleg å skrive om Geir Sindre Breivik òg. Men foreløpig meiner eg altså at det er meir interessant korleis Geir Sindre presenterer seg på brukarsida si og kva han skriv om ståoppkomikaryrket og ståoppkomikarar generelt enn kva han skriv i ein sjølvskriven artikkel om seg sjølv. -- Olve 09:01, 24 august 2006 (UTC)
  • Bruke eigne brukarsider betre; godt poeng
  • Og for dei fleste av oss vil det gjelde at det er meir interessant kva me kan bidra med enn kva me kan skrive i ein artikkel om oss sjølve. Trist, men nok dessverre sant...
--Ekko 09:22, 24 august 2006 (UTC)
Bra jobba! :-) Olve 09:53, 24 august 2006 (UTC)