Diskusjon:Generasjonskonflikt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er flåsete polemikk og høyrer ikkje heime her. --Ekko 23. januar 2006 kl. 12:53 (UTC)

Artikkelen viser til heimesida til Ole Wilhelm Klüver, som tar opp haldningane barna til tyske soldatar i Noreg og til NS-medlemmar har møtt i etterkrigs-Noreg. Dette er viktige emne å få fram og handsame på ein god måte, og det ligg i sakas natur at det det handlar om er nett etterkrigs-Noreg, og ikkje nazisme. Det det derimot slett ikkje passar inn under er «generasjonskonfliktar», konfliktar mellom generasjonane er ikkje på nokon måte avgrensa til NS-medlemmar og ungane deira. Oppsettet her er rett og slett absurd. Artikkelen bør dermed slettast (eller nokon bør skrive om generasjonskonflikt som allment fenomen). Om så krigen er langt nok unna til at eit forum som wikipedia klarer å skrive om overgrepa mot ungane det her er snakk om, får tida vise. Relevante artikkelnamn bør vere NS-barn og Barn av tyske soldatar i Noreg, og ikkje «Generasjonskonflikt», og heller ikkje «Tyskerungar». Trondtr 23. januar 2006 kl. 23:04 (UTC).
Eg er einig. Både generasjonskonfliktar og NS-barn og Barn av tyske soldatar i Noreg er tema som fortener å bli handsama med ein viss respekt.--Ekko 24. januar 2006 kl. 07:29 (UTC)