NS-barn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NS-barn er barn av foreldre som var aktive i Nasjonal Samling under andre verdskrigen i Noreg.

Det var journalist Asgeir Olden som i 1988 offentleg knesette omgrepet, i boka Fødd skuldig, det var elleve intervju med NS-barn, alle anonyme, NS-ministerdattera Bente Blehr unnateke. Gjenombrotet kom i 1993 med sjølvbiografien Gutten fra Gimle av Eystein Eggen.

Ordskiftet om boka varte fram til femtiårsjubileet i 1995. Stortinget gav då ei fråsegn, på førehand drøfta i samtlege partifraksjonar. NS-barna vart nemnde først i Stortinget si orsaking andsynes krigsbarna. Arbeidarpartiet si stortingsgruppe viste til denne fråsegna då dei i 2001 tok saka opp att og gjekk inn for Eggen som statsstipendiat, etter framlegg frå Francis Sejersted, leiar i Den Norske Nobelkomite, og Ole Wilhelm Klüwer, som då gjennom mange år hadde vore ein aktiv talsmann for NS-barna si støtteforeining.

Framstegspartiet gav ei skarp fråsegn med brodd mot det som dei meinte hadde vore forfølging av Eggen grunna engasjementet hans i saka. Regjeringa Bondevik følgde oppmodingane og utnemnde Eggen året etter. Ein liknande saksgang lèt seg ikkje påvisa i noko anna land hærteke av tyskarane, sjølv om temaet etter kvart er rimeleg godt kjent.

Den autobiografiske litteraturen om emnet er heller sparsam, truleg grunna «redsla for å bli attkjent» (Olden i føreordet til intervjusamlinga si). Litterært vart emnet handsama med stor suksess av Bergljot Hobæk Haff. I 1996 skreiv ho romanen Skammen, seinare dramatisert og oppført på Nationaltheateret med Anne Krigsvoll i hovudrolla som Idun Hov.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Borge, Baard H. 2002: De kalte oss naziyngel. Oslo : Samlaget
  • Eggen, Eystein 1993: Gutten fra Gimle : et NS-barns beretning. Oslo : Aschehoug.
  • Olden, Asgeir 1988: Fødd skuldig. Oslo : Samlaget.