Diskusjon:HVAC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nynorsk eller engelsk?[endre wikiteksten]

Ville det ikkje vera betre å utvida artikkelen "Varme-, ventilasjons- og sanitærteknikk" enn å oppretta ein tilsvarande artikkel med engelsk namn? HVAC kunne så ondirrigerast til dnne. --Sigmundg 12:10, 20 januar 2008 (CET)

Kanskje det, men VVS og HVAC er ikkje heilt det same. Denne artikkelen tilsvarer ikkje ein artikkel om VVS, men omhandlar eit fagfelt som er ein del av fagfeltet VVS. Eg kan lite om sanitærteknikk, og dei fleste (VVS-)røyrleggjarar veit lite om ventilasjon, inneklima, kuldeteknikk og elektroteknikk. Og dei fleste VVS-firma installerer ikkje det ein kallar HVAC-anlegg. Eg synest godt at eit leksikon kan ha artiklar på begge oppslagsord (og alle dei andre eg har laga lenkjer til her no), sjølv om det eine er engelsk. --Tannkrem 12:51, 20 januar 2008 (CET)
Då lærte eg noko nytt, men eg tykkjer framleis at "Heating, Ventilation and Air Conditioning" bør omsettast til norsk målføre. Kva med "Oppvarming og ventillasjon", eller "oppvarming og lufthandsaming"? Vi kan læra mykje av svensakane og islendingane når det gjeld å lage nye ord. --Sigmundg 13:02, 20 januar 2008 (CET)
Det kan eg vera einig med deg i, men eg synest ikkje det er Wikipedia si oppgåva å laga omgrep. Me må nok nøya oss med å definera dei. --Tannkrem 13:39, 20 januar 2008 (CET)