Røyrleggjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein røyrleggjar i tidlegare tider. Han har festa eit røyr i ei skrustikke laga for slikt bruk, og vrir med ein røyrtang.
Røyrleggjar i arbeid med ein større installasjon.

Røyrleggjar er ein fagutdanna handverkar som monterer, reparerer og held ved like varme-, ventilasjons- og sanitærsystem i bygningar, skip, fabrikkar og så bortetter, der røyr av ulike slag utgjer leidningsnettet. Røyrleggjarar installerer vass- og avløpsleidningar, monterer leidningsnett, utstyr og armatur (vasskranar og liknande) i sanitærinstallasjonar, installerer leidningsnett, utstyr og armatur i slike oppvarmingssystem som nyttar varmt vatn, monterer gass-, sprinklar-, trykkluft- og isvass-opplegg og liknande. Då røyrinstallasjonar òg kan liggje i sjø, er det mogleg å kombinere arbeidet som røyrleggjar med arbeidet som yrkesdykkar.

Røyrleggjar i arbeid i eit privat kjøken.

Det gjeld strenge lover og føresegner for røyrleggjarfaget for å unngå ulukker, skader og tap på grunn av feil i installasjonane. Krava til dei faglige kunnskapane hjå røyrleggjarar er difor høge.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]