Diskusjon:Hulen i Bergen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Opplysninga om Det Akademiske Kvarter passar ikkje heilt inn, den eventuelle tilknytninga til Hulen bør forklarast betre. -- Larsivi 5. apr 2005 kl. 1949 (UTC)

Tilknytinga er at mange av organisasjonane som heldt til på Hulen flytta ned på kvarteret etter at det nye studenthuset opna. Før kvarteret opna var Hulen eit slags mini-studenthus. --Gunnernett 5. apr 2005 kl. 2005 (UTC)
Ante meg (eg har vore innom DAK eingong), men eg tykkjer ikkje at det går fram av artikkelen. Setninga om DAK kjem på ein måte midt inni utan heilt å henge saman med resten. -- Larsivi 5. apr 2005 kl. 2026 (UTC)

Det var ein diskusjon om dette på nb: for eit tid tilbake. Dei beslutta ikkje å ha artiklar av typen "Utestader i ..." Eg må seie meg samd i dette. Ein bør setja nokre grenser for kva eit leksikon skal innehalde. "Liste over utestader i Sogndal" bli noko parodisk. Dette er info som er betre oppdatert andre stader. --Bep 5. apr 2005 kl. 2131 (UTC)

Nja... Liste over utestader på Ertvågsøya har no potensiale for å bli ein riktig kort og fyndig artikkel... ;-> Eg har personleg ikkje noko imot å ha slikt innhald her, men kjem nok (som truleg du òg, om eg forstår deg rett) til å konsentrere meg meir om andre ting. Elles er det no mi ikkje-så-alt-for-audmjuke meining at Utestader på Ertvågsøya er eit minst like bra namn som Liste over utestader på Ertvågsøya. Det er no mykje encyklopedisk materiale å hente av når ein skriv om slikt — t.d. om 1600-tals vertshus, om historiske storslagsmål, om historiske endringar av menyen (frå fenalår til børek, frå mjød til tequila), om kampen om skjenkeløyve osv. -- Olve 5. apr 2005 kl. 2206 (UTC)
Oi! Nå fekk eg verkeleg lyst til å lesa ein slik artikkel.
Men eg er heilt einig. "Liste" avgrenser ein veldig i kva ein kan skriva, og kva har me kategoriar til? Men smale emne kan godt bli interessante om ein legg litt flid i skrivinga. -- Ranveig 5. apr 2005 kl. 2213 (UTC)

Fleire Hulen-er[endre wikiteksten]

Det kan nok vera mange utestader som heiter «Hulen» (eller «Bodega» eller «Vannhullet» eller «Pubben» osv.). Eg føreslår at vi lagar ein namnekonvensjon der artiklar om spesifikke serveringsstader får meir eintydige namn. I dette fallet kan dette t.d. vera «Utestaden Hulen i Bergen» eller liknande. Og så kan vi ha ein artikkel på «Hulen» som viser til dei ulike Hulene kring i Noreg — og kanskje Danmark òg... -- Olve 5. apr 2005 kl. 2016 (UTC)

Einig i at det kan trengast, men me bør òg unngå alt for lange titlar, det kan bli masete både for dei skrivande og dei lesande. «Hulen i Bergen» høyrest bra ut. -- Ranveig 5. apr 2005 kl. 2118 (UTC)
Ja, Hulen i Bergen er vel truleg presist nok. Så kan vi halde av utestad-ordet for dei falla der dette namnet viser seg å vera fleirtydig. -- Olve 5. apr 2005 kl. 2125 (UTC)
Fordelen med Wikipedia er jo at ingenting er permanent; dukkar det opp eit heidensk bedehus i Bergen som kallar seg Hulen, kan me alltids flytta artikkelen vidare. -- Ranveig 5. apr 2005 kl. 2213 (UTC)