Diskusjon:Isildur

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er stor motstandar av å behandla oppdikta figurar på same måte som verkelege personar, med eigne artiklar for personar som ikkje ikkje blir snakka om utanfor det oppdikta verket dei høyrer til. Slike einskildsartiklar som viser til ei rekke oppdikta namn gjev svært lita meining om ein ikkje allereie kjenner til den oppdikta verda ganske godt, og passer betre i eit særskild Tolkien- eller fantasy- oppslagsverk enn i eit allmennt oppslagsverk.

Ein betre måte å gjera det på synest eg er å få inn ei skikkeleg oppsummering under Ringdrotten og Silmarillion, og om dette ikkje er nok, eit oversyn over Personar i Tolkien-verda eller noko liknande. Svært viktige personar som også blir vist til i andre samanhengar (t.d. Frodo, Gandalf, Gollum) kan kanskje få eigne artiklar om ein føler at det er viktig, men eg bed, ikkje ein heil kategori med kongar av Gondor! --Ranveig 4. desember 2008 kl. 22:31 (CET)[svar]

Som eit digitalt oppslagsverk har me mogelegheita til å gå meir i djupna enn andre oppslagsverk. Dette er ein artikkel som eg trur det er større sjansar for at nokon vil søkja etter enn mang ein annan artikkel me har ('kor har dette namnet frå no att?' Eg oppretta forresten artikkelen då eg ikkje fant noko her sjølv). Kategorien tok eg etter den engelske wikipediaen. --Harald Khan Ճ 5. desember 2008 kl. 14:07 (CET)[svar]
Eg synest ikkje artiklar som dette går i djupna, dei går i overflata ved at dei ramser opp ei rekke namn som berre har meining for dei som kjenner Tolkien-verda godt (kven er Elendil? kva er slaget ved Orodruin? Kva i alle dager er tide(k)verv? osb.). Er det meininga at ein skal lesa kvar artikkel det er vist til for å forstå kva det er snakk om? Eller skal me gjenfortelja soga om ringen i kvar av desse hundrevis av moglege artiklar? Eg trur me som eit mindre oppslagsverk har sjansen til å tenkja meir heilskapleg enn dei store som oppretter artiklar i hopetal berre for å bli større. Skal me vera eit godt referanseverk, synest eg eit kortfatta oversyn over namn frå ei oppdikta verd sett inn i ein samanheng vil vera mykje nyttigare enn ei rekkje enkeltartiklar som ikkje står på eigne bein. Eg skal laga eit forslag til korleis eg meiner eit slikt oversyn kan vera. --Ranveig 5. desember 2008 kl. 14:30 (CET)[svar]
Eg kan vera samd i at ein må vurdera kor vidt oppdikta personar i litterære verk fortener eigne artiklar; men viss ein no meiner at dei fortener ein, so bør det ikkje ha noko å seia om det ikkje ligg inne andre ting om bokserien. Sjølv om ein ikkje veit noko som helst om the Lord of the Rings, so vil ein etter å ha lese denne artikkelen sitja inne med meir enn det ein gjorde før (han var ein konge, t.d.). At ein ikkje forstår alle orda gjeld ikkje berre for denne typen artiklar. Oversikt høyrer vel best heime i Ringdrotten. --Harald Khan Ճ 5. desember 2008 kl. 14:56 (CET)[svar]

Er ikkje tideverv bokmål? Bør det ikkje heite tidekvarv på nynorsk? --KRISTAGAα-ω 5. desember 2008 kl. 08:50 (CET)[svar]

Kva med tidsskifte?--Andreasv 5. desember 2008 kl. 09:15 (CET)[svar]
Eg veit sanneleg ikkje; eg har berre ikkje omsett det som stod i bokmålsartikkelen; noko som eg kanskje burde. Kan henda kan eg finna noko i Ringdrotten... --Harald Khan Ճ 5. desember 2008 kl. 14:09 (CET)[svar]
Nokon storkjennar av Tolkien er eg ikkje, men eg meiner dette ordet må vere det Eiliv Groven Myhren i RIngdrotten omset med heimsæva. -Knut 5. desember 2008 kl. 18:34 (CET)[svar]