Isildur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Isildur er ein litterær skikkelse frå J.R.R. Tolkien si verd. Han var son av Elendil, og var hærføraren til menneska i slaget ved Orodruin (dommedagsberget) i slutten av den andre heimsæva. Far hans, Elendil, blei drepen av Sauron, og sverdet hans, Narsil, braut under han. Isildur tok det brotne sverdet og skar fingeren av Sauron si hand som bar den eine ringen, herskarringen. Elrond førde Isildur til toppen av Orodruin der ringen var blitt smidd og der han òg måtte øydeleggjast. Isildur nekta å gje frå seg ringen og kravde han i staden som mannebot for far sin. Orkar tok seinare Isildur i bakhald og drap han. Ringen sokk so til botn i elva Langlilja, som renn ut i den større elva Anduin. Gollum fann ringen seinare og tok den med seg til tåkefjella. Arvingen til Isildur og Gondor er Aragorn, son av Arathorn.