Diskusjon:Kamar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er dette verkeleg eit dialektuttrykk for utedo? --Ekko 26. juli 2006 kl. 09:49 (UTC)

Inga aning, men sjølv om det skulle vere sant og rett er det ikkje grunnlag for eigen artikkel om berre ordet. Hadde det vore noko særskild med utedoane i distriktet så kunne det vore noko, men det er ikkje teneleg med eige oppslag om kvart (dialekt)ord her. Viss det stemmer kan det heller innarbeidast i artikkelen Utedo og artiklar om dialektane i distriktet.
--Slett --Jorunn 26. juli 2006 kl. 10:23 (UTC)
Sant og visst er det eit ord... [1]
Eg meiner det ikkje gjer nokon skade om me har nokre oppslag om dialektord. Kategori:nordmøring er til dømes ganske artig, og meir lettlesen enn ein artikkel om dialekten eller ei liste med dialektord. Dersom artiklar om ord er gjennomarbeida synest eg dei tilfører Wikipedia noko, og bør få stå. -- Ranveig 26. juli 2006 kl. 12:23 (UTC)
Men er det ikkje semje om at me ikkje lagar ordbok? --Ekko 26. juli 2006 kl. 12:32 (UTC)
Viss du med det meiner at me ikkje skal skriva om tyding, opphav, bruk eller andre lingvistiske drops som gjeld ord så er det slett ikkje semje om det, nei. -- Ranveig 09:44, 5 august 2006 (UTC)
Er det ikkje betre å omdirigere til utedo, og la innhaldet stå der, då? --Anders 09:54, 5 august 2006 (UTC)
Problemet er at det finst to fire stader ein kan omdirigera til: Do, utedo, ekskrement og setesdalsmål (kanskje andre, dersom ordet finst i andre dialektar òg). Derfor meiner eg det er best med ein liten artikkel om ordet. Kall det gjerne fleirtyding om de vil. -- Ranveig 10:20, 5 august 2006 (UTC)


Der eg kjem frå er "kammar" sjølve skiten, enten det er mannskit eller kuskit, ikkje eit dass. --Erling 10:39, 5 august 2006 (UTC)
Ad ordbok: Wikipedia is not a dictionary. Godt sagt synes eg. --Ekko 15:04, 5 august 2006 (UTC)