Toalett
Toalett, klosett, do eller dass er eit avtrede, eit møbel ein kan urinera eller ha avføring i. Ordet toalett vert òg brukt om eit rom med eit slikt møbel i. Det moderne vassklosettet som dei fleste i Noreg brukar i dag vart oppfunne på 1700-talet, men ikkje teke i bruk i byane før tidleg på 1900-talet.
Ordet toalett er fransk (toilette) og tyder 'lite lerretstykke', og var opphavleg eit ord som vart brukt om duken på sminkebordet. Seinare gjekk tydinga over til å verta eit rom der ein sminkar seg. I dag vert ordet stort sett brukt om møbelet der ein kan gjera ifrå seg.
I vestlege land i våre dagar er det vanleg å bruka toalett vatn til å skylja og frakta vekk avføring, urin, skit og toalettpapir. Vassklosett, urinal og bidé er ulike variantar av slike. Tidlegare har ein gjerne brukt toalett der ein har plass til å samla opp kloakken, så vert det tømt når det er fullt. I Noreg har det vore vanleg å ha slike toalett utandørs, derav namnet utedo. Slike toalett vert framleis brukte på stader der ein ikkje har tilgang til kloakkleidning.
-
Offentleg toalett i Romarrikets Ostia
-
Eit toalett i antikken
-
Ein toalettstol på slottet Château de Vaux-le-Vicomte i Frankrike.
-
Toalettstol i husværet til Marie Antoinette i Versaille, Frankrike.
-
Ein tysk adeleg sitt reisetoalett frå 1850-talet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- CAPLEX
- Denne artikkelen bygger på «Toalett» frå Wikipedia på bokmål, den 3. januar 2008.