Diskusjon:Kattemaling

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjølv om katten til mor er nokså smart, har han ennå ikkje purra på meg for noko som helst, men han er flink til å mala. Mor set han til å gjera dette kvar kveld. :D Bjarte 21. okt. 2005 kl. 13:01 (UTC)

Oj.. Alvorleg? Heiter det ikkje purring på norsk? (Eg har rett nok høyrt "male") 129.177.169.43 21. okt. 2005 kl. 13:10 (UTC) / Kurtber|Ordskifte 21. okt. 2005 kl. 13:16 (UTC)
Det pleier som regel å vera eg som kjem med all slags engelsk-norske uttrykk, men i dette tilfellet er eg temmeleg sikker, eg kan ikkje hugsa å ha høyrt om ein purrande katt. :) Bjarte 21. okt. 2005 kl. 13:23 (UTC)
Den er grei ;-) Eg skal ikkje vere særleg bastant! Men kva vert det nye artikkelnamnet? Maling og fleirtydingsside? (eller trengs det å reserverast plass til maling, som i t.d. husmaling)? / Kurtber|Ordskifte 21. okt. 2005 kl. 13:28 (UTC)
Tja, kva med kattemaling? Elles fin artikkel, den var slettes ikkje mal-apropos. Eg kjem til å purra på deg for fleire artiklar som denne, denne burde stå som ein mal for nye artiklar. ;) Bjarte 21. okt. 2005 kl. 13:29 (UTC)
Hehe.. Du har i alle fall purra nok på meg til at eg allereie er i ferd med å skrive ein artikkel om maling (som i husmaling) ;-) 129.177.169.43 21. okt. 2005 kl. 13:40 (UTC)
Husmaling?[1] Korleis får du plass i kverna? ;-P (Her gjeld det å taka mål på seg ikkje å bli målbunden.) Nokre stader heiter det forresten at katta spinn. For å sitere ein gammal song frå Nordmøre:
    Kattå sat oppå ǫmna ǫ spainn
    så fín ǫ lang ǫ grainn ɛn trå.
    «Gódágen!» sa musa.
    «Sing Gú!» sa kattå.
    Kattå sætt o bort rǫkkjen sinn,
    spæla me músn ei litta stynn;
    så bέt-o hʌue tå músn, tå músn, tå músn...
          (etter Erik Ansnes frå Todalen i Stangvik)
Olve 21. okt. 2005 kl. 16:16 (UTC)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 24. august 2008 kl. 23:18 (CEST)[svar]

[daud lenkje]