Diskusjon:Kinesisk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005

Dette er ei oversetjing av den første halvdelen av en:Chinese_language. Den andre halvdelen om kinesisk skriftspråk og utviklinga av kinesisk språk står att. Ta gjerne på deg å fortsetja arbeidet der eg slapp! Viss ikkje, skal eg gjera det sjølv seinare.

Det er nok ein del språkrusk òg.BjarteSorensen 12:21, 19 Sep 2004 (UTC)

Framlegg til rettingar:

  • "ofte blir sett på som eitt språk" > "ofte blir rekna for eitt språk"?
  • "kan ulikskapane mellom desse samanliknas med ulikskapane mellom til dømes dei romanske språka." > "kan skiljet mellom desse jamførast med skiljet mellom til dømes dei romanske språka."
  • "Om lag ein femtedel av verdas folk har ein form " > "Om lag ein femtedel av folket i verda har EI form"
  • "Europa fragmenterte etter Romarriket sitt undergang" > "Europa kløyvde seg etter Romarriket gjekk under"
  • "og identiteten til desse vart ofte definert av språk" > "og identiteten til desse vart ofte definert GJENNOM språk"
  • "Kina derimot klarte å forsetja eit kulturelt og " > "Kina klarte derimot å halda fram eit kulturelt og "
  • "Konseptet om ein distinkt og sameint kombinasjon av både" > "Tanken om ei[t] eig[a|e]/særskil[d/t] og (sameint) hopehav/samvære mellom"
  • "då under dei respektive namna hanja og kanji." > "då med namna/kalla hanja og kanji."
  • "og hangul er der det einaste skriftspråket" skriftteikn?

--129.241.135.177 00:06, 20 Sep 2004 (UTC)

Einig i alt du har skrive ovanfor. Du kan gjerne rette dette sjoelv, anten du er innlogga med brukarnamn eller ei (det er enkelt aa faa brukarnamn, berre gaa til lenkja oppe til hoegre). :) BjarteSorensen 03:01, 20 Sep 2004 (UTC) (orsakar mangel paa aa og oe)

Takk for rettingar Fatagnus! Det ser bra ut. Ein ting eg lurer litt paa; kva kallar ein "writing system" eller "script" paa norsk? Som i til doemes "the Korean script/writing system is called hangul". Er det rett og slett "skrift"? BjarteSorensen 06:31, 20 Sep 2004 (UTC)

Skal retta meir sidan! Ja, eg vilde ha sagt at det rett&slett er "skrift". Ordboki segjer dessutan at det er. Elles plar eg nytta "bokstav" i mangtal, men "skrift" høver her --Fatagnus 06:47, 20 Sep 2004 (UTC)

Eg er einig med dykk i at ‘skrift’ er eit greitt ord. :) -- Olve 08:51, 20 Sep 2004 (UTC)