Diskusjon:Kjetil Jemte

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er grunnlaget for å nytta forma Jemte?[endre wikiteksten]

Sidan det norrøne namnet var Ketill jamti, som høver med norske jamn, og namneforma Jamt(e)land ser eg ikkje grunnen til at Jemte er valt her. Sitatet som er synt i artikkelen er ikkje i samsvar med alle formene av namnet, og Jamte er m.a. funne hjå Steinar Schjøtt. Jamvel svensk har Jamte trass i elles gjennomført j-ljodbrigde (jämn, Jämtland osb.). På heimskringla.no er Kjetil Jamte det einaste som gjev (norske) tilslag. --Eiliv (diskusjon) 18. juli 2021 kl. 21:30 (CEST)Svar[svar]

Jemte er brukt i mi Snorre-omsetjing (Schøtt og Magerøy, 1979). --Ranveig (diskusjon) 19. juli 2021 kl. 07:44 (CEST)Svar[svar]