Kjetil Jemte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjetil Jemte (svensk Kettil Jamte) eller Kjetil Anundson var ifølgje sagaen den første kjende nybyggjaren i Jämtland. Ifølgje Snorre Sturlason var Kjetil son av Anund Jarl i Sparbu i Nord-Trøndelag.

Soga om Håkon den gode og soga om Olav den heilage  fortel at Kjetil Jemte drog mot aust over Kjølen med ei stor mengd folk og buskap. Dei rydda skog og dyrka opp store bygder som seinare skulle få namnet «Jemtland» etter han. Årsaka til utvandringa var at austlandskongen Øystein «den vonde» herja så hardt i Trøndelag at mange flykta frå landet. Snorre seier ikkje noko om kva tid Kjetil Jemte skal ha levd, men det må ha vore på 700- eller 800-talet.[treng kjelde]

Snorre fortel:[endre | endre wikiteksten]

Øystein, kongen til opplendingane, som sume kalle den mektige, men somme den ille, herja i Trøndelag og la under seg Øynafylket og Sparbyggjafylket; han sette son sin over dei; men trønderane drap han. Kong Øystein fór andre gongen på hærferd til Trøndelag og herja rundt omkring og la under seg; då spurde han trønderane kven dei helst ville ha til konge, trælen hans, som heitte Tore Fakse, eller hunden hans, som heitte Saur. Dei tok hunden, av di dei trudde at dei så skulle rå seg meir sjølve; dei lét seida tre manns vit i hunden, og han gøydde to ord og tala det tredje. Dei gjorde halsband og ei lekkje av sølv og gull; og straks det vart sølut, så tok hirdmennene hans og bar han på herdane sine. Det vart stelt til eit høgsete åt han, og han sat på ein haug, liksom andre kongar; han budde på Inderøya og hadde setet sitt der det heiter Sakshaug. Det er fortalt at han fekk banen sin av di det kom vargar og tok på buskapen hans, og hirdmennene eggja han til å verja feet. Han gjekk ned av haugen og fór dit som vargane var; men dei reiv han sund straks. Mange andre forunderlege ting gjorde kong Øystein med trønderane. For denne herjinga og ufreden flydde mange hovdingar, og mykje folk flydde frå odelsgardane sine. Kjetil Jemte, són til Onund jarl frå Sparbu fór aust over Kjølen, og ein heil brote folk med han; dei bygde store bygder der det sidan heiter Jemtland. Soneson til Kjetil var Tore Helsing; han fór for ei draps-sak frå Jemtland og aust over til skogane som der ligg, og bygde; og dit søkte mykje folk med han. Dette landet kallar dei Helsingland.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre Sturlasson Kongesoger på nynorsk - i kapittelet - Soga om Håkon den gode - side 87.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Heimskringla
  • Nils-Erik Eriksson, Sägnen om Kettil Jamte och Härjulf Hornbrytare, Jamtlis årsskrift Jämten, 1993

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]