Diskusjon:Klepp

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det var mørkt på biletet, men er det difor eg ikkje greier sjå kleppen? Eller er det bilete av ein annan slags klepp enn det vi har omtalt i artikkelen? - Knut 07:10, 17 oktober 2007 (CEST)

Eg ser lina, men ikkje kleppen. --Andreasv 08:21, 17 oktober 2007 (CEST)
Er det ikkje krokane på enden av kvar line, då? Eg skal innrømma at eg ikkje er nokon stor kleppfiskar, så eg kan ha blitt lurt. På en: har dei eit fint bilete av klepp i aksjon. Det blir kanskje betre å bruka uansett. --Ranveig 13:16, 17 oktober 2007 (CEST)
Skal sjå om eg ikkje kan fikse eit bilete av ein klepp. Men bruk gjerne det frå en: --Andreasv 15:16, 17 oktober 2007 (CEST)
Tradisjonelle kleppar frå Island.
Eg tok biletet ut og sette det hit. Om nokon meiner (og kan forklare) at det er ein klepp på biletet, kan vi setje det attende. Medan vi ventar på biletet hans Andreasv, kan vi bruke Måsøyfila som illustrasjon. - Knut 16:24, 17 oktober 2007 (CEST)
Då har eg teke bilete av kleppen min. Lar Måsøykleppen stå. Den er tydeleg laga for større fisk enn det vi dreg her sørpå. --Andreasv 18:48, 17 oktober 2007 (CEST)
Biletet må vel visa ein slags redskap for linefiske etter noko stort (hai?) --Ekko 20:15, 17 oktober 2007 (CEST)
Her ser eg mange kveit(?)onglar på ein gangvad (gongevad), men kva er nemninga på trepinnen? Roar 23:24, 17 oktober 2007 (CEST)
!? Er det ein her som veit kva han skriv om!? Ekko 09:57, 18 oktober 2007 (CEST)
Om gjettingar om kva bildet framstiller og kva det har med en:gaff å gjere:
I bildeteksten har fotografen gitt følgjande presentasjon: ”Traditional Gaff (50 at a string), Bolungavík, Iceland”. Ein teori er at svært store onglar kan kallast ”gaff” på engelsk språk. Min undring var om gaff har noko samband med trestokken. Når eg ser nøye etter på bildet ser det ut som eit museumsbilde med mykje staffasje. Eg trur ein som kjenner fiskereiskap på Island kan forklare bildet. Kva lina kan brukast til: Ved Island fiskar dei pigghå – ein haiart - med line, men driv også linefiske etter kveite. Med referanse til størrelse på handa til venstre i bildet er lina om lag ein halv tomme+- tjukt. Derfor vil eg heller kalle ”snøret” ein gangvad [1] enn ei line. Gjenstanden på det nye bildet vil eg vanlegvis kalle hytt [2]. Helsing !?han?! Roar 09:11, 21 oktober 2007 (CEST)