Fiskeslaget kveite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om fiskeslaget kveite. For kornslaget, sjå kveite.
Kveite
Kveite
Kveite
Status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Flyndrefisk Pleuronectiformes
Underorden: Pleuronectoidei
Familie: Flyndrefamilien Pleuronectidae
Underfamilie: Pleuronectinae
Slekt: Hippoglossus
Art: Kveite H. hippoglossus
Vitskapleg namn
Hippoglossus hippoglossus

Kveite (Hippoglossus hippoglossus), på Austlandet ofte kalla hellefisk, er ein flyndreart som held til i det nordlege Atlanterhavet. Han er ein av dei største flatfiskane me kjenner til; hoene kan bli opptil 300 kg, og over 3,5 meter lange. Hannane blir berre 50 kg. Fisken vert mykje nytta til mat.

I Nord-Noreg har det frå gamalt av vore knytt eit namnetabu til namnet «kveite». Ein skulle ikkje nemna det mens ein var på havet, elles slo fisket feil. I staden sa ein «gudsfisken».

Færøysk frimerke med bilde av kveite.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «hellefisk» har opphav i nemninga heilag fisk eller helgefisk. I katolsk tid vart kveita eten i helger, når det var forbode å ete kjøt.[2] Ordet «kveite» er avleidd av «kvit» – kveita er kvit på undersida.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kveite ved artsdatabanken.no
  2. Falk og Torp: Etymologisk ordbok
  3. «kveite» i Nynorskordboka.
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.