Diskusjon:Kvalsvik Nedre på Nerlandsøya

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gardsnamn finst oftast fleire stader[endre wikiteksten]

Eg trur det er «risikabelt» å leggje ut gardsnamn utan å taka med øy- eller kommunenamn eller liknande i namnet. I tilfellet Kvalsvik(a) er det stader med dette namnet i kommunane Herøy på Sunnmøre, Flora, Etne, Tysvær, Haugesund, Stryn og Flekkefjord. Og kanskje fleire òg som eg ikkje har fått med meg i farten. Sjansen for at meir enn éin av desse kommunane har Kvalsvik Nedre er absolutt til stades — og enda om dette ikkje skulle vera tilfelle, så er namnet slik det står no lett å tolke som fleirtydig. Eg vil derfor føreslå Kvalsvik Nedre i Herøy eller Kvalsvik Nedre på Nerlandsøya som namn. Kvalsvik bør vera fleirtydingsartikkel kategorisert som Kategori:Norske stadnamn. -- Olve 3. jun 2005 kl. 1124 (UTC)

Er klar over at der er mange Kvalsvik, men nokre søk klarde ikkje framvise fleire Kvalsvik Nedre (eller Øvre), men eg kan gjerne flytte dei. Om ingen andre gjer det, så lagar eg sikkert Kvalsvik òg, men eg har laga nok (1) fleirtydingssider i dag. -- Larsivi 3. jun 2005 kl. 1142 (UTC)
Tykkjer forresten at ei slik fleirtydingstilvising øvst ikkje er naudsynt på denne sida. Det er lite sannsynleg at nokon finn fram hit utan faktisk å skulle hit. -- Larsivi 3. jun 2005 kl. 1144 (UTC)
Ja, det kan du vel ha rett i. Men eg trur no det er ein god vane likevel...(?) :) Olve 3. jun 2005 kl. 1152 (UTC)
For meg vart det litt forstyrrande, ikkje minst sidan det er ein så liten artikkel. No kan jo den alltids verte større, sjølvsagt og då vil ikkje den vere så framtredande. -- Larsivi 3. jun 2005 kl. 1155 (UTC)