Flekkefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flekkefjord
stad
Flekkefjord-11.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Kommune Flekkefjord
Areal 3,59 km²
Folketal 6 045 (2017)
Folketettleik 1 684 / km²
Innbyggjarnamn flekkefjerding
Preposisjon i Flekkefjord
Wikimedia Commons: Flekkefjord

Flekkefjord er ein by og administrasjonssenteret i Flekkefjord kommune i Vest-Agder fylke. Tettstaden ligg inst i Lafjord, som er det indre framhaldet av Stolsfjorden som munnar ut i Fedafjorden, om lag 10 kilometer innanfor fjordgapet. Flekkefjord har 6 045 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Flekkefjord ligg nært E39, omtrent midtvegs mellom Kristiansand og Stavanger. Byen er eit viktig service- og handelssenter for eit stort omland på begge sidene av grensa mot Rogaland. Gjennom tettstaden går eit smalt elveløp som går frå Lafjord og inn til Grisefjorden som ligg i havnivå innanfor. Den bymessige busetnaden ligg både mot Lafjord og Grisefjorden innanfor. Mot Grisefjorden ligg Hollenderbyen (Øvrebyen) med eit verneverdig bymiljø. Namnet er etter skutene frå Nederland som frå 1600-talet og framover la til her for å laste tømmer og trelast. Vest-Agder-museet Flekkefjord ligg i denne delen av tettstaden, i nært samband til det gamle bymiljøet.[1]

Flekkefjord kyrkje, ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1833, ligg på vestsida av elva. I tettstaden ligg Byggeskikksenteret, oppretta i 2011, som vegleiar i vedlikehald og utbetring av eldre, verneverdig byggemasse.

Flekkefjord har vidaregåande skole, Lister videregående skole Studiested Flekkefjord, og her ligg Sørlandet sykehus Flekkefjord HF. I Flekkefjord kjem lokalavisa Agder Flekkefjords Tidende ut tre dagar i veka.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Flekkefjord – tettstedet». Store norske leksikon. 6. august 2015. Henta 20. januar 2018. 
  2. «Flekkefjord». Store norske leksikon. 2. november 2017. Henta 20. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]