Diskusjon:Landsfader

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen er plasser i Kategori:Najsonalisme. Nasjonalisme treng ikkje vera negativt, men ofte vert det assissiert med militærisme. Kanskje Statsleiarar ville høva betre? --Sigmundg 10. januar 2009 kl. 15:32 (CET)[svar]

Det vel ikkje noko i vegen for at denne artikklen kunne hatt både kategoriane nasjonalisme OG statsleiarar. - Knut 10. januar 2009 kl. 15:39 (CET)[svar]
Ja, det har du rett i, men det er mange landsfedre som ikkje er/var utprega nasjonalistiske av seg. Nasjonalisme vert lett oppfatta som nasjonalisme sett frå andre land. Korkje Erlander, Tito eller Gerhardsen var vel utprega nasjonalistiske av seg? Med nasjonalisme tenkjer eg på overdriven nasjonalkjensle, som hjå Milošević og Mussolini. Men det er sjølvsagt inga skarp grense mellom ein leiar som arbeider for landet sitt og slike som i tillegg nedvurderer andre nasjonar og/eller folkegrupper. Kanskje vi tolkar omgrepet ulikt? --Sigmundg 10. januar 2009 kl. 15:49 (CET)[svar]
Landsfedre er ikkje nødvendigvis sjølv nasjonalistiske, men blir ofte brukt på nasjonalistisk vis. Nasjonalisme er eit mangetydig omgrep som kan omfatta alt frå 17. mai med is og kake til slåstande fotballpøblar. Ulike landsfedre kan ha gjort mykje ulikt av både godt og gale. --Ranveig 10. januar 2009 kl. 19:00 (CET)[svar]
Ja, det var nettopp det at sume, men ikkje alle, landsfedre og landsmødre er nasjonalistar som gjorde at eg var skeptisk til å kategorisera artikkelen under nasjonalisme. --Sigmundg 10. januar 2009 kl. 19:06 (CET)[svar]
Eg trur det kan vere lurt å tenkje seg at kategoriane vert brukte omvendt: Eg vil lese om nasjonalisme, finn kategori:nasjonalisme, og då finn eg denne artikkelen blant koselege artiklar som nasjonalsong og mindre koselege artiklar som skildrar andre sider ved omgrepet nasjonalisme. -Knut 10. januar 2009 kl. 19:19 (CET)[svar]