Diskusjon:Lausdans

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Her er det vel råd å leggje inn nokre bilete med tida?

EGM.

Ja, viss du har bilete som er frie til bruk på Wikipedia, så er det fritt fram for å leggja dei inn. --Tannkrem 19:32, 11 mars 2008 (CET)

Halvteorien[endre wikiteksten]

Han Sylfest Lomheim avkrefta denne halvteorien i radioen (NRK P2) i dag. Han synte til Wikipedia og sa noko slikt som at det var berre tull. --Sigmundg 25. oktober 2009 kl. 11:43 (CET)[svar]

Eg høyrde ikkje Lomheim i radioen, men dersom han sa at det stod noko tull om dette på wikipedia, er det eigentleg han som tullar, for artikkelen vår sa berre at det var framsett ein alternativ teori, som attpåtil er kjeldebelagt. Eg endre ulite på framstillinga. Dersom nokon som har greie på lausdans kan gå god for at teorien berre er tull (og det har han kanskje), kan vi flytte den alternative terorien ut av innleiinga og ned i artikkelen, evt ta han heilt ut eller kommentere han ut.
Lyspunktet er at Lomheim les nynorsk wikipedia. For bokmålswiki har, så vidt eg kan sjå, ikkje med referansen til halvdansteorien. -- Knut 25. oktober 2009 kl. 17:23 (CET)[svar]
Eg høyrde programmet og han Lomheim har nok ikkje lese i Wikipedia sjølv, det var det innsendaren som refererte til. Lomheim harselerte nærast over Wikipedia og meinte at ingenting her kunna takast for god fisk. Ordet "halling" kjem forøvrig i følgje same programmet frå ei omskriving av ordet "hadding" som igjen tyder lang hår, eller kvinnehår. Menn frå Hallingdal var altså kjend for det lange håret sitt.
Eg vurderer å sende inn eit svar til Språkteigen. Nynorsk wikipedia er ein viktig kampplass for språket i disse dagar, og då er det mykje meir fruktbart å bidra og kanskje frista andre til å bidra, enn å harselere slik Lonheim gjer! Han kan lære av ein annan bidragsytar på Språkteigen, Rolf Theil.
Dersom Lomheim hadde gjort jobben sin her hadde han sagt noko sånt som:
Eg er rimeleg sikker på at Halling har ingenting med halvdans å gjere, eg ser at Wikipedia referer til Spellemannsbladet men eg meiner at her må Wikipedia skaffe seg fleire kjelder før dei skriv slikt. Hugs at du skal vere kjeldekritisk til alt du les på internett, og også i anna tekst. Fordelen med Wikipedia er at når du finn feil, så kan du rette det opp der å då, og kvaliteten på denne nettstaden har vorte betre!
Ein annan ting, om nokon har det Spellemannsbladet det vert sitert frå, hadde det vore verdt mykje før eg evt. skriv ein replikk til NRK. Hogne 26. oktober 2009 kl. 12:36 (CET)[svar]
Eit viktig poeng er at Wikipedia nemner teorien utan å ta han til seg. Ut frå det Hogne skriv her, kunne eg få lyst til å harslere tilsvarande over Lomheim, men skal la det vere. Han bør lese Wikipedia og lære, han òg. --Knut 26. oktober 2009 kl. 12:50 (CET)[svar]
For ordens skuld siterer eg det Lomheim sa. Han er faktisk den beste kjelda vår til ordsoga, for det står ikkje beint fram i Nynorskordboka kvar ordet kjem frå. Det er mogleg å høyra Språkteigen i opptak, sjå heimesida deira. Spørsmålet og svaret kjem seint i programmet. Spørsmålsstillaren viser til forklaringar han har høyrt, som dans i hallar, ei helling eller halve dansen. Dette er det viktigaste:
«Nei, det er ikkje tvil om at dansen halling, det er det same som me har i «Hallingdal», og ein person som er frå Hallingdal blir jo kalla ein halling eller [...] ein hallingdøl. [...] [Spørsmålsstillaren] har sett at på Wikipedia så står det at (heh) «halling» betyr 'halve dansen'. Viss ikkje dette er ein spøk, det veit me jo aldri, så er det i alle fall berre tull og det visar jo, eg må seia det veldig alvorleg og bestemt, at det går ikkje an å stola på det ein finn på Wikipedia av informasjon. Det kan vera rett, det kan like godt vera spinn gale.»
Lomheim har rett i at det står mykje rart på ulike utgåver av Wikipedia, særleg når det gjeld ordsoge. Men i dette tilfellet er det som stod i den opphavlege artikkelen («det er hevda at namnet... (kjelde: Spelemannsbladet 2009).») blitt forvrengd i eit av kommuniksjonsledda. Det er alltid best å gå beint til kjelda! --Ranveig 26. oktober 2009 kl. 13:06 (CET)[svar]