Sylfest Lomheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sylfest Lomheim
Foto: Eirik U. Birkeland

Sylfest Lomheim (fødd 11. mars 1945) er ein norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010[1] var han direktør for Språkrådet.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike. Lomheim var mellom 2004 og 2010 direktør i Språkrådet, statens rådgjevande organ for språkspørsmål i Noreg.

Sylfest Lomheim er særleg kjend frå NRK. Han var språkkonsulent for NRK frå 1980 til 1994, han har vore medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen frå 1990 og delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1971 – Stortingsspørsmålet 1961-1968 : en analyse av politisk kansellispråk (Oslo)
  • 1984 – Metaforanalyse og metaforomsetjing (Kristiansand)
  • 2001 – NTB utanriks : kunsten å gjenfortelja? (Kristiansand: Høgskolen i Agder, Avdeling for humanistiske fag) . ISBN 82-7117-436-3

Omsetjingar

  • Ousmane, Sembène: Når røter losnar : to noveller frå Senegal ; frå fransk ved Sylfest Lomheim. - Oslo : Samlaget , 1979 - 161 sider - (Orion-bøkene ; 228). - Innhold: Véhi-Ciosane eller Nytt liv ; Pengetilvisinga. - Originaltitler: Véhi-Ciosane ou Blanche Genèse ; Le mandat ISBN 82-521-0926-8
  • Illich, Ivan: Teknologi for jamvektssamfunnet ; omsett av Svein Erik Loraas og Sylfest Lomheim. - Oslo : Pax , 1977 - 149 sider - (Pax-bøkene) ; - Originaltittel: Tools for conviviality ISBN 82-530-0869-4

Medforfattar

  • 1997 – Cross-cultural communication : a case study of cooperation between members of staff at Institute of Development Management, Tanzania, and Agder College, Norway (Kristiansand: Agder universitet) . ISBN 82-7117-350-2  [Av Emmanuel Matiku og Sylfest Lomheim ; research assistant : Letisia Warioba]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-521-7151-8  [Av innhaldet: Pilastein / Sylfest Lomheim, s. 170-177]
  • 2008 – Juleglimt (Førde: Selja) . ISBN 978-82-91722-97-9  [Av innhaldet: Lys i stillegrender / Sylfest Lomheim, s. 82-87]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sylfest. Punktum.» - Språknytt 3/2010. Henta 5. juni 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]