Diskusjon:Levkosía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kypros høyrer geografisk til Asia, men vert òg rekna som ein del av Europa. Dei fleste andre wikipediar har Nikosia plassert i kategoriar for både Asia og Europa. Eg syns Kategori:Hovudstadar i Europa bør førast til igjen. --Frokor 17:53, 26 mars 2007 (CEST)

  • Det er eg heilt enig med deg i.--Borås 17:59, 26 mars 2007 (CEST)
Vel, eg ser det er delte meiningar på forskjellige wikipediar - nokon har berre Asia, nokon har berre Europa og nokon har begge deler. No er jo skilnaden på Asia og Europa svært ullent definert - og ikkje at dette er ei stor sak - men kven definerer eigentleg Kypros som Europa? --Barend 23:16, 26 mars 2007 (CEST)
Eit argument for at Kypros òg er europeisk er at dei er med i EU. Det er vel ingen land som kan verte med i EU, utan at dei vert rekna som europeisk går eg ut frå. Elles definerar vel dei fleste Kypros som eit land som geografisk ligg i Asia, men som på grunn av historie, politikk og kultur òg vert rekna som ein del av Europa, på same måte som Armenia. Men det er jo som du skreiv om Moskva, som ligg i Europa, og derfor kanskje ikkje bør reknast som ein hovudstad i Asia. Nikosia ligg jo geografisk i Vest-Asia. Det einaste eg tok utgangspunkt i var andre wikipediar hadde satt Nikosia i begge kategoriar. Ingen stor sak for meg heller :-) Ja, også er dei jo med i Melodi Grand Prix! (men det er jo Israel òg... :P) --Frokor 23:32, 26 mars 2007 (CEST)
Ja, som sagt, dette er jo ganske ullent definert. OSSE, til dømes, slepp jo til òg med inn dei sentral-asiatiske landa, i det som skal vera ein europeisk organisasjon. Men berre skriv det inn igjen for min del - oversiktligheit er vel det viktigaste når det gjeld kategoriane. --Barend 00:08, 27 mars 2007 (CEST)

Kva heiter byen?[endre wikiteksten]

Eg har tenkt å prøve å få litt meir kjøt og blod på byar og kommunar på Kypros. Mellom dei første tinga eg gjer, er å få skikk på transkripsjonen frå gresk på dei stadnamna som det alt fins adrtiklar, spirer og frø til. Noko er alt gjort, og eg ser at det gamle namnet Famagusta er blitt Ammókhostos. Det er flott, og det same skal eg syte for med Lárnaka, Lemesós (tidlegare Limassol) osv. Men så er det spørsmål om hovudstaden. Han heiter tradisjonelt Nikosia, men det er jo eigentleg etter det engelske namnet Nicosia. På gresk heiter han Λευκωσία, som blir Levkosía på norsk. Språkrådet har jamstilt formene. Eg synest det vil vere rett å bruke Levkosía. Det er trass alt 67 år sidan britane flytta ut av administrasjonskontora i byen. Men dette er det vel ikkje eg som skal avgjere åleine... Synspunkt?

Distrikta som Kypros er delt inn i, har namn etter hovudbyane, og det er dermed òg eit distrikt som heiter Λευκωσία. Det blir rart å kalle det "Distriktet Nikosia", men kan vi leve med at byen heiter "Nikosia" og distriktet "Distriktet Levkosía". --T*U (diskusjon) 20. april 2016 kl. 23:06 (CEST)