Diskusjon:Lisbet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lisbeth eller Lisbeth?[endre wikiteksten]

Begge formene er brukte. Eg synst vi skal ha som hovudregel at den forma som følgjer tradisjonell norsk rettskriving vert brukt som oppslagsord. For namn med bibelsk opphav kan vi ta bruke den siste omsetjinga av nynorskbibelen som autoritet. Eg veit at eit fleirtal i Noreg pyntar på namna med c-ar og h-har eller kanskje ein w, og desse formene bør nemnast i artikkelen, men oppslagsordet bør vere den enklaste forma. Ei line som òg namnegranskaren Olav Veka følgjer i boka som vi så ofte har bruka som kjelde her på nn-wiki. - Knut 18. november 2008 kl. 21:47 (CET)[svar]

Formene med -h har vore i bruk i Noreg sidan minst 1700-talet, då må dei vel kunne reknast som tradisjonelle? Eg kan vera einig i at det er bra med stavemåtar utan ekstra dill, men eg trur me også vil få usemje om me skal definera kva som er norskast. Om me då ikkje skal la Veka vera autoriteten vår. --Ranveig 18. november 2008 kl. 22:44 (CET)[svar]
Veka er ein god autoritet, for oss som har tilgang til han. For bibelske namn må den nynorske bibelomsetjinga vere ein god autoritet (den finn alle på nettet, for norrøne namn må den nynorske omsetjinga av Snorre vere autorativ. At dei brukte mange h-har og w-ar i barokken, er absolutt ikkje noko argument. Eg heiter ikkje Knuth - Knut 18. november 2008 kl. 23:29 (CET)[svar]
PS: Med tradisjonell norsk rettskriving forstår eg vanleg, gjeldande (ny)norsk rettskriving anno 2008 (eg er ikkje så konservativ som de vil ha det til :)
Eg kjøper desse grunnane. Statsistikken viser trass alt berre bruken innan eit visst tidsrom i eit visst område, så han er ikkje ein ufeilbarleg rettleiar. Du må gjerne setta i gang og flytta med Veka i handa, kanskje til veka (hehe). Men eg er ikkje einig i at nye omsetjingar av verk med gamle namn er ein god kjelde for namnerettskriving. I følge Diskusjon:Ruts bok heiter svigermor til Rut No'omi, men i Noreg (og andre vestlege land) er vel namnet best kjend som Naomi? Desse kjeldene kan vera rettesnorer for artiklar om personane det er snakk om (t.d. Jomfru Maria), og som bakgrunn til namneartiklane (som i Torkjell), men ikkje alltid som førar for moderne bruk. --Ranveig 22. november 2008 kl. 11:49 (CET)[svar]
Veka skriv Naomi. Og Olve argumenterar for at No'omi er ei feilomsetjing, vi får tru det står Naomi i neste utgåve. --Knut 22. november 2008 kl. 12:26 (CET)[svar]