Diskusjon:Menneske

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Peikar både til menneskekroppen og til humanbiologi er vel ikkje rett? Menneskekroppen er vel greit? Ogs å gjer vi det til ei nøkkelside for anatomisidene? --Ekko 23. februar 2006 kl. 18:30 (UTC)

Ueinig på fleire punkt.
  1. Peikarar kan ein aldri ha for mange av. Sjølv om dei viser til same emnet minner dei om at ein treng omdirigering, og slik kan ein hjelpa framtidige wikinautar på kunnskapssøk.
  2. Menneskekroppen og humanbiologi kan, men treng ikkje, handla om det same. Ein kan til dømes skildra kroppen og synet på han i samfunnet i 'Menneskekroppen'. 'Humanbiologi' kan derimot ha ei meir vitskapleg vinkling, i tillegg til å ta med emne me ikkje tenkjer så mykje på når det gjeld kroppen -- genetikk og molekylærbiologi og medisinar og slikt.
-- Ranveig 26. februar 2006 kl. 11:47 (UTC)

"Fleire av desse eigenskapane finn ein att hjå dyr, men om ein tek alle saman, kan dei visa kva som gjer menneske spesielle. Også det at me stiller spørsmålet om kva som skil menneske og dyr, tyder på at det finst eit skilje."

Eg har fjerna dette. Mennesket er eit dyr; å snakke om skiljet mellom menneske og dyr blir som å snakke om skiljet mellom Volvo og bil. Særleg den siste setninga i sitatet ovanfor er eit brot på Wikipedia:Synspunkt. Eg nektar ikkje for at menneskearten har ein del unike eigenskapar og atferder, men den er fortsatt ein art i dyreriket. -- Johan 19:51, 22 september 2006 (UTC)

"Mennesket (Homo sapiens) er, i følge mange definisjonar, den organismen som har lukkast best på jorda."

Dette er forsåvidt sant, men det finst også mange definisjonar av "lukkast" som medfører at andre organismar har lukkast best. Til dømes: mest talrik, lengstlevande (som art), har forårsaka dei største forandringane på jordoverflata (mogleg arten vår er ein kandidat her), osv. Å ha eit så lada og mangetydig ord som "lukkast" i den første setninga verkar litt uprofesjonelt på meg. Dei fleste andre artiklane om artar byrjar med å forklare kor arten høyrer til i systemet og ei kort omtale av den ytre fysiologien, kvifor ikkje her? -- Johan 20:42, 22 september 2006 (UTC)

Eg er samd. Skriv om! --Ekko 21:16, 22 september 2006 (UTC)
Den såkalla definisjonen var ingen definisjon, men ei upresis (og dermed diskutabel) skildring. "Lukkast best?" Haiane, krokodillene og kakkerlakkane har vore her lenge, kakkeralkkane er det mange av. Menneska har berre vore her ei kort stund, og framtidsutsiktene ser ikkje så alt for gode ut... Trondtr 15:33, 23 september 2006 (UTC).
Betre no. Tankekors at det finst utdøyde artar, m.a. blandt dinosaurane, som truleg eksisterte lengre enn me har gjort. Så får me berre sjå kor mykje tid som er att. --Ekko 16:28, 23 september 2006 (UTC)
Eg tykjar delen om utvikling er ganske tynn.Raudrev 15:41, 18 februar 2007 (CET)
Heile artikkelen er tynn, meire skisse enn artikkel. Me krev lengre veke og fleire timar i døgnet, NO! Ekko 22:29, 18 februar 2007 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 00:27 (CEST)[svar]

[daud lenkje]