Diskusjon:Mobiltelefon

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flytting eller samanslåing av artiklar[endre wikiteksten]

Sjå Diskusjon:Mobiltelefon#Kva er mobiltelefon? og fleirtydingssida Mobil.

Greitt nok det som står der, men eg har aldri, før i dag sett ordet mobiltelefoniapparat i bruk nokon stad såvidt eg hugsar. Slik eg oppfattar tinga, både frå daglegtale og frå det faglege vi har vore borti på skulen (ikkje så mykje) ville eg hatt det slik:
Flytte mobiltelefon til mobiltelefoni (som no peikar til mobiltelefon) då den artikkelen handlar meir om system.
Flytte mobiltelefonapparat til mobiltelefon.
Fleirtydingssida for mobil er jo kurrant den, om ein gjer dei endringane eg skildrar over.... Roger 6. nov. 2005 kl. 00:26 (UTC)
Høyrest greit ut. Du får ta det opp med konsensusen på den andre diskusjonssida. --Eddi (Snakk) 6. nov. 2005 kl. 00:39 (UTC)
Den løysinga er grei for meg, men eg synest òg me godt kan slå saman dei to artiklane. Dei er så nært i slekt at det er liten vits i å ha to. -- Ranveig 6. nov. 2005 kl. 08:34 (UTC)