Diskusjon:Muroma

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

språkskifte til ...[endre wikiteksten]

Tysk-wiki synast å skrive om et språkskifte til slavisk (slaviske språk). Helsing Sju hav (diskusjon) 6. august 2019 kl. 03:05 (CEST)[svar]

Eg ser det. "Slavisk" er ikkje bra, men det er ikkje "russisk" (som eg har skrive) heller. Dei tre austslaviske språka skilde seg sannsynlegvis frå kvarandre først på 1300-talet, urslavisk i vest-, sør- og austslavisk langt tidlegare (tysk wp seier sjølv "500-talet). Eg skreiv "russisk" fordi språkskiftet skjedde på det som i dag er russisk område, men det ser ut til at dei to prosessane (splitting av austslavisk og assimilering av merja og muroma) skjedde samtidig. Den siste kan til og med ha påverka den første; den russiske konstruksjonen "U menja kniga" ("eg har ei bok", bokstavleg "På meg er bok") er tradisjonelt blitt halde for eit resultat av eit uralsk substrat. Så austslavisk ser ut til å vere det beste alternativet. Trondtr (diskusjon) 6. august 2019 kl. 19:47 (CEST)[svar]

løpende referanser ("in-line ...")[endre wikiteksten]

Ikkje på wikipedia på engelsk, tysk, eller fransk, men på spansk. Sju hav (diskusjon) 6. august 2019 kl. 03:21 (CEST)[svar]

Bakgrunnsstoff og "vitja dato"[endre wikiteksten]

  • A merják és muromák története. Vitja 2019-08-06.
    Kommentar: Eg kan ikkje lova at det blir eg som blir den fyrste til å nytte denne kjelda (til tross for at maskinoversetting frå ungarsk, funka "greit nok".)
    Viss eg no har utført en wiki-ulovlighet, så får eg vel høre det (og eg skjønner at det finnast argument for at det "ikke er nødvendig" å ha "vitja dato", på diskusjons-side). Helsing Sju hav (diskusjon) 6. august 2019 kl. 15:19 (CEST)[svar]
Det var ikkje den beste kjelda, nei. La oss leite etter betre. Dei beste kjeldene er spesialstudier om elve- og innsjønamn i dei relevante områda i Russland, dei skriv om merja og muroma i innleiingskapitla. Trondtr (diskusjon) 6. august 2019 kl. 19:49 (CEST)[svar]
OK, nå ligger den kjelda, berre på diskusjonssida; nytt Bakgrunnsstoff ligger nå i wiki-artikkelen. Helsing Sju hav (diskusjon) 6. august 2019 kl. 22:13 (CEST)[svar]
Eg leita, fann ikkje Arja Ahlqvist si avhandling, men ei anna avhandling i staden, Rahkonen. Så no liknar det på noko. Trondtr (diskusjon) 7. august 2019 kl. 21:28 (CEST)[svar]