Slaviske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaviske språk
Klassifisering: Balto-slavisk
Område: Søraust-Europa
Glottolog: slav1255


Utbreiinga av slaviske språk

Slaviske språk er ei grein av dei indoeuropeiske språka. Det er tre undergrupper av dei slaviske språka. Dei er austslaviske språk, vestslaviske språk og sørslaviske språk. Dei viktigaste austslaviske språka er russisk, kviterussisk og ukrainsk, dei viktigaste vestslaviske er polsk, tsjekkisk, slovakisk og sorbisk, og dei viktigaste sørslaviske er bulgarsk, slovensk, makedonsk, serbisk, kroatisk og bosnisk.

Dei slaviske språka har utvikla seg frå urslavisk, ei av dei austlege greinene av urindoeuropeisk. Dei ulike slaviske språka skil seg ikkje så mykje frå kvarandre, og det eldste dokumenterte slaviske skriftspråket, gammalkyrkjeslavisk (frå 900-talet), skil seg dermed sannsynlegvis relativt lite frå urslavisk. Frå gammalkyrkjeslavisk utvikla det seg på 1000-talet ulike variantar, som ein tradisjonelt kallar kyrkjeslavisk. Ein skil da mellom bulgarsk-kyrkjeslavisk, russisk-kyrkjeslavisk, serbisk-kyrkjeslavisk, kroatisk-kyrkjeslavisk og tsjekkisk-kyrkjeslavisk.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.