Diskusjon:Myllarguten

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

Hei Erling. Kvifor brigder du til da, verte til bli, kome til komme i dette stykket? — Våve 19. juni 2006 kl. 13:21 (UTC)

Hei Våve. I dette stykket slik det var vart da og då bruka om kvarandre, likeins "verte" og "blei" (ei samansetjing som slett ikkje er lov), og både enkel og dobbel konsonant i kom(m)e. Det einaste som var nokolunde konsekvent var e-infinitiv. Når det er slik vingling lyt ein gjera eit val når ein skal prøve å gjera det meir konsekvent, og da bruka eg mi eiga målføring - med da, bli-blir-vart-vorte (eg har somtid bruka blei-blitt òg, men det er vel ikkje det du vil ha :-)), og dobbel konsonant i "komme" (her ikring har dei forresten kløyvd infinitiv, så eg ville helst ha skrive "komma", men sidan stykket var mesta konsekvent med e-infinitiv, lét eg vera å gjera noko med det). Forklåring OK? Vennleg helsing --Erling 19. juni 2006 kl. 14:56 (UTC)
Heisann. Ja, eg såg det var mykje bokmålsinnslag der, som du var god til å rette upp. Men: det var sers få da der mot for , so da her var helst å rekne for restar av bokmålsoriginalen. Like eins med kom(m)e. Umsetjaren var sikkert meint på å skrive og kome og anna slikt, men blingsa litt. Det er vel ikkje so greidt å drive slik tekstanalyse stødt, men her syntest eg det var tolleg audsynt. Er du ikkje samd, når du tenkjer litt på det? Forresten trur eg ikkje du treng vera rædd å setja inn kløyvd nemneform i eit «Telemark»-stykke, når du er so godt i gjenge ;-) — Våve 19. juni 2006 kl. 15:51 (UTC)
Du Våve, eg skjønar du meiner da og komme/komma er mindre (ny)norsk enn og kome/koma. Men eg er nok usamd i det, og alle desse formene er jamstilte hovudformer i gjeldande nynorsk. Det er e-infinitiv au. Derfor har eg vel gjort det eg hadde tenkt å gjera med dette stykket, gje det språkleg konsekvens. Eg har likevel ingen prestisje knytt til dette, så om du tykkjer dei formene du føretrekkjer burde setjast inn, så kan du godt gjera det for meg. Eg kjem ikkje til å endre det tilbake att! (Det hadde vore annleis med eit stykke eg sjølv hadde skrive - det ville eg nok helst ikkje at nokon endra på utan at det var direkte feil der). Vennleg helsing --Erling 19. juni 2006 kl. 16:17 (UTC)
Nei, da og komma er fullnorske former. Ut ifrå eit einskapssyn kann ein heller lesa deim ut av og koma en å skriftfeste kvart eit målføreavvik (serleg dei som likjest bokmål), men det var ikkje det eg orda frampå med her. Eg sagde frå at det var tolleg greidt å sjå at han som sette um stykket fyrst hadde freista å nytte osb. og at det soleis var illojalt å nytte einstaka gleppar til å luke det ut. Det var berre dette prinsippet eg vilde få grein på. — Våve 19. juni 2006 kl. 16:36 (UTC)


Er det ikkje nokon som kan ta bilete av Myllargut-monumentet? Trondtr 13:24, 20 januar 2007 (CET)

I Noreg er statuar o.l. også verna av opphavsrett på same måte som bilete, dessverre, så om ikkje monumentet er svært gammalt er det ikkje sikkert me kan bruka det. På den andre sida: Ettersom Myllarguten døydde i 1872, er det stor sjanse for at fotografi av han er forelda. folkedans.com har eit foto som er litt lite, men ganske sikkert kan "lånast". I tillegg har dei ein teikning, som me finn i ein endå finare versjon her. Den hadde vore fin å bruka, men helst i eit litt større format og berre om me finn ut litt meir om bakgrunnen for han. --Ranveig 15:16, 20 januar 2007 (CET)
Takk for påminninga. Viss eg forstår deg rett, tyder "stor sjanse for at" det same som "må", i og med at det må vere minst 135 år gammalt. Eg legg det ut på commons, så får vi ta diskusjonen og evt. fjerne det. Teikninga var fin, men vi veit altså ikkje kven si. Trondtr 17:59, 20 januar 2007 (CET).