Diskusjon:Nils Tjoflot

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Omstenda kring dødsulykka[endre wikiteksten]

Skildringa av forliset er uklar og har liten verdi, i alle fall slik ho no står. Det heiter og: Det heile gjekk så fort at ingen på land forsto heilt kva som skjedde. Og om ingen fekk med seg kva som skjedde, kan ein vel ikkje ha ei detaljert beskriving av det ? Bør ikkje avsnittet sterkt nedkortast?--Andreasv 3. desember 2009 kl. 20:35 (CET)[svar]

Det kan godt henda at det bør... Eg har ikkje så sterke meiningar om det. Det er vel anten Jhs eller Eilev G. Myhren som er forfattar av avsnittet, verkar det som på sidehistorikken. HallvardLid 3. desember 2009 kl. 21:13 (CET)[svar]
«Soga er slik», står det innleiingsvis, og då er det vel ikkje anna enn ei soge. Det er ikkje noko galt i å gje att ei soge, sidan sogene har vore med å danne det biletet ettertida har av ein person. Det viktige er å gjere merksam på at det er ei soge. Det er gjort her. Om vi i staden hadde korta ned til berre tørre fakta, vart det ein tørr og keisam artikkel.
Vi må vere opne for at artiklar innan ulike fagområde har ulik stil. --Knut 4. desember 2009 kl. 08:23 (CET)[svar]