Diskusjon:Olav II av Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg vil og på denne artikkelen rå moderator til å la tittelen vera "Olav den Heilage", sidan det er dette namnet han er kjend under. Ingen nordmenn omtalar denne kongen som "Olav den andre", og sidan vi som bruker denne sida er norske, er det heilt unaudsynt å omtala han som "av Noreg". Det er smør på flesk. Denne oppmodinga gjeld alle kongar i den tidlege soga, frå Harald Hårfagre, og vi veit vel kven han er, ned til Håkon den femte Magnusson. At desse var kongar "av Noreg" er ikkje naudsynt å seia, det veit vi. sign EGM.

Eiliv! Kan du ikkje sjå på Diskusjon:Sigurd I av Noreg, så diskuterer vi eitt tema éin plass! --Knut 7. mars 2010 kl. 14:17 (CET)[svar]

Eg siterer Erling Rimehaug, Vårt Land s 2 14.4.2010: «Vi må skjelne mellom Olav den hellige og Olav Haraldsson. Den første er en mytisk skikkelse, et symbol som kan fylles med ulikt mytisk innhold. Den andre er en historisk person.» Når vi skal velje artikkelnamn, må vi gjere det ut frå kva artikkelen primært handlar om: Helgenen, Den heilage Olav - eller kongen, Olav Haraldsson, Olav Digre. Dette er sentrale artiklar, og vi får håpe det ikkje tar så lang tid før vi har to gode artiklar her - ein om denn historiske kongen og ein om kristne helgenen. --Knut 24. april 2010 kl. 10:58 (CEST)[svar]