Diskusjon:Om Dannelsen og Norskheden

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er eit originalt skriftstykke, kanskje er det riktig bra. Men her er ikkje ei einaste kjeldetilvising, men desto fleire vurderingar. Slik eg ser det bryt denne artikkelen med dunder og brak mot mykje av det me står for som leksikon, sjå til dømes Inga ny forskning. Etter mitt syn er dette ein artikkel som høver i eit tidsskrift, og kjem han på prent der kan artikkelen refererast her. Ellers må han slettast eller skrivast kraftig om. --Ekko 17:42, 18 juli 2007 (CEST)

Eg kutta kraftig ned teksta. Det ser ikkje ut som Eilev G. Myhren bryr seg om å visa til kjelder, kanskje dette får han til å vakne? --Anders 19:26, 18 juli 2007 (CEST)

Hahaha!!! Skal det visast til kjelder, kan de be meg om det. Elles tek eg meg den fridomen å bruke vitet mitt når eg skriv.

Eg var nett ved å svare på dette. Eg sa at kjeldene var sjølvsagte: Artikkelen til Aasen.

Nokre gonger er de noko stivlyndte, meiner eg, når det skal attgjevast kjelder. Eg har sitert Aasen ordrett, og alle sitat er å finne i artikkelen hans. De er noko snøggare ute med å rette enn eg kan gå god for. Kanskje de heller skulle la meg ordne dette sjølv? Om ingen andre har lese artikkelen enn eg, er det ikkje rart de tviler på orda mine. Kanskje de skulle gjera det, då?

Når det gjeld ny forskning: Eg har forska på dette sjølv. Eg skreiv det i stad, men det kom ikkje med. Aasen sin artikkel er viktig for den norske kulturdebatten, og kan finnast i Aasen sine samla verk (to band). Han finst trygt nok på Aasentunet si hjemmeside.

Så får eg heller gå å rette dette opp att.

EGM.

Bra jobba, Eiliv. Når det gjeld kjeldetilvisingerm er det mykje stivlynne på nn-wikipedia. Det er nok godt meint, wikipediaen vinn på at alle opplysningar kan dokumenterast med kjeldetilvisingar. Men innhaldet i artikkelen din bør få stå, det er interessant lesnad. - Knut 20:06, 18 juli 2007 (CEST)
Her talar kanskje EGM og eg forbi kvarandre. Men altså:
  1. Eg tvilar ikkje på at Aasen er ordrett sitert
  2. Eg tvilar heller ikkje på at EGM har forska på dette, og har greie på kva han skriv om
  3. Men Wikipedia er ikkje staden å publisere forskinga, altså komme med konklusjonar på kva Aasen kan ha meint, trekke parallellar til annan litteratur osb. Det eg håpar EGM kan gjera (og som gjer Nynorsk Wikipedia betre) er å vise til publiserte artiklar eller bøker om emnet, som nettop trekker desse konklosjonane osb. Dette vil då vera litteratur som allereide er vurdert av sakkyndige. Og det er viktig.
Eit forenkla døme: Doktor Brun er ein klok mann, og veit meir enn nokon annan om sukkersjuke hos setesdølar. Dette han har i hovudet sitt, kan han ikkje skrive wikipediartikkel om. Men han kan skrive ein artikkel på grunnlag av det som allereie står i lærebøker og artiklar, og mykje av det har han sjølv skrive. Kva er skilnaden? At det som er publisert frå før har vore gjenstand for kritikk og debatt blandt andre som veit mykje om sukkersjuke og setesdølar.
Eg håper dette var ei oppklaring. --Ekko 20:45, 18 juli 2007 (CEST)