Om Dannelsen og Norskheden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Om Dannelsen og Norskheden» er ein artikkel Ivar Aasen skreiv i høve den vaknande målsaka i 1857. Artikkelen er skriven på skolerett dansk. Han vart første gong trykt i bladet Folkevennen.

Oppdeling og tema[endre | endre wikiteksten]

Aasen deler opp artikkelen i fire bolkar: Først om danninga som kulturfenomen, og så om norskdomen. Tredje bolken heiter «om skikkene», og tek føre seg tradisjonar og landsens seder. Mot slutten tek han føre seg tungemålet.

Eit av hovudpoenga i artikkelen er å syne at det ikkje er nokon naudsynt samanheng mellom kulturnivå og samfunnsstatus. Aasen freister å definere kulturomgrepet, som er sett saman med det danske danningsomgrepet. Om danning skriv Aasen: «Det er en Forfremmelse (eller forædling) av Aandens Evner, som det her fornemmelig kommer an paa, og i denne Forfremmelse er der naturligviis mangfoldige Stig eller Grader, saa at det er vanskeligt at nævne det Høidemaal som enhver kan og bør komme til.» [treng kjelde]

Danningsomgrepet til Aasen er knytt til ein klassisk danningstanke, og spring ut av romantikken, med tanken om organisk utvikling av menneskehugen. Det kan tykkjest som Aasen attåt har lese Johann Gottfried Herder. [treng kjelde]

Aasen legg vekt på at danninga kan skiljast i «ytre» og «indre» danning, og åtvarar mot den falske danninga, som han kallar ho. Han meiner at ein «indre danning» ikkje er i strid med nedervde skikkar: «Vi ansee det altsaa som en falsk Mening, at de to ting ikke skulde kunne staae sammen i eet rum; og denne paastand skulle vi her søge at forklare ved en Betragtning af Landskikken i Almindelighed.»

Når Aasen så går inn på norskdomen, lyt han definere folke-omgrepet, og «det norske folk» særskilt. Her kjem han òg inn på mogleg folkeopplysing, og sjølvsagt mogleg nasjonsbygging. Det avgjerande poenget til Aasen er knytt til målsaka, og set opp norma for målsaka: «For det første maa vi da vide at Norsk ikke er det Maal, som vi nu sædvanlig lese og skrive, og som, for exempel, dette stykke her er skrevet i; thi dette maal er Dansk.»

Aasen drøftar om det mogleg å sameine danning og norskdom, og kjem til slutninga at dette er eit ønskeleg mål. Samsundes meiner han at det ikkje er nokon samanheng mellom stand og danning: «Man kan gjerne være meget oplyst for det, om man boer i en Røgstue, sover paa Halm eller sidder paa en bænk, «æder grød og sild» og gaaer i hjemmevirkede klæder. Og paa en anden Side kan man være meget udannet og uvidende, om man boer i et staseligt Huus og klæder sig efter de nyeste Modetegninger fra Staden Paris udi Frankrige. Man kan være saa dannet, som nogen vil ønske sig, og dog tale Sognemaal eller Hardangermaal; og man kan gjerne være meget udannet og dog tale den fineste dansk

Når Aasen skriv slik, har det med det å gjera at han møtte opplyste bønder på ferdene sine, mellom dei Rikard Aslaksson Berge frå Rauland og Sander Røo frå Hol. Sameleis kunne han skrive i dagboka si at han fann «ingen dannelse» under ei vitjing i Baroniet Rosendahl.[treng kjelde]

Norskdomen, skriv Aasen vidare, er ikkje noko hinder for rett danning. På same tida (1850-talet), gjekk det eit offentleg ordskifte om nordmenn og landsens folk, og om landsmål kunne forlikast med kultur-tanken. På denne tida fekk Aasen medhald av mellom andre Eilert Sundt og til ei mon Bjørnstjerne Bjørnson, sjølv om denne snudde sterkt på synspunkta sine seinare. Dette ordskiftet har halde fram i godt og vel hundre år etter Aasen si tid. Rita Nordgren sa soleis i 1973: «Man kan ikke diskutere på det åndelige plan med en som har hatt nynorsk på folkeskolen.» Dette hadde Aasen alt svara på.

Artikkelen lyt nok reknast som eit kampskrift, og har vore avgjerande for vegen målrørsla har teke. Frå riksmålssida vart skuldingar om mangel på danning haldne oppe i mange tiår etter at artikkelen kom på prent, og haldningane har vore levande langt inn i vår tid.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]