Diskusjon:Ordklassen artikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skilnaden mellom ord og suffiks[endre wikiteksten]

Sjølv om eg (og kollegene mine) er usamd i at "artikkel" skal vere ein ordklasse, ser vi at dette grammatikksynet framleis har tilhengjarar, og vi bør gjere greie for det. Det eg derimot kjem til å gøyme bort langt nede i artikkelen, er tanken om at bilen skulle vere to ord. Det er eitt. Trondtr 19. januar 2010 kl. 21:40 (CET).

Vil du føretrekka om artikkelen (denne, altså) blir flytta til "Artikkel i grammatikk", "i språk"? Veldig bra at du retter, men me bør kanskje presisera at "Artiklane blir brukt til å introdusere nye referentar i samtalen" gjeld for norsk? --Ranveig 19. januar 2010 kl. 22:12 (CET)
Til det første spørsmålet: Grunntydinga til ordet "artikkel" i norsk er kanskje "sjølvstendig tekst som er del av ein større publikasjon", så for den del, ja. Det der med å introdusere nye referentar gjeld sjølvsagt berre for såkalla ubunde artiklar (funksjonen deira er også meir kompleks enn det som står no). Det gjeld ikkje berre for norsk, dei fleste germanske og romanske språk fungerer på dette punktet ganske likt norsk. Men problemet med denne utsegna, og i det heile problemet med å undersøke kor godt ho held tverrspråkleg, føreset meir presise definisjonar enn det vi har (og hadde!!) her. Trondtr 20. januar 2010 kl. 00:42 (CET).

Bundne og ubundne artiklar?[endre wikiteksten]

Finst det ikkje lenger bundne / bestemte artiklar? Før var vel «det» i Det norske Arbeiderparti ein bestemt artikkel. Jf og omgrepet «dobbelt betemmelse», som ein sa på bokmål , om uttrykk som «det norske folket» (dårleg språk etter visse riksmålsideal). Helsing språkinteressert --Knut 20. januar 2010 kl. 07:32 (CET)

Spør du meg, så er "artiklane" ikkje ei eiga ordklasse i det heile, men ei undergruppe av determinativane (altså både ein, ... og den, .... Derfor skreiv eg ikkje om dei her. I den opprinnelege artikkelen stod suffiksa (-en, -a, -et) ført opp som "ord", noko dei ikkje er. Eg skal sjå litt meir på determinativ-artikkelen når eg får tid. Trondtr 20. januar 2010 kl. 09:27 (CET).