Diskusjon:Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det kjennest rart å bruka OSSE som forkorting når nynorsknamnet ikkje har to S-ar i seg. Bør OTSE brukast som ei nynorsk forkorting av organisasjonsnamnet, sameleis som SN tilsvarar FN på bokmål? Eller bør me skriva "organisasjonen" o.l. i staden for forkortinga for å unngå problemet? Eit google-søk seier meg at OTSE er lite i bruk, men eg fann det nytta i ei masteroppgåve i SamPol frå UiB, 2012. Den kan lesast her. Kva meiner de? HallvardLid (diskusjon) 17. februar 2015 kl. 16:25 (CET)[svar]

Oi, det la eg ikkje eingong merke til då eg dreiv med dette. «Sikkerheit» er jo eigentleg grei nynorsk, så OSSE blir ikkje feil i andre samanhengar. Begge forkortingange bør truleg nemnast her. Og elles synest eg me skal gjera det som verker kling best, logisk og språkleg. --Ranveig (diskusjon) 17. februar 2015 kl. 16:45 (CET)[svar]
Synest det høyrest fornuftig ut å nemna begge forkortingane, ja! HallvardLid (diskusjon) 17. februar 2015 kl. 17:40 (CET)[svar]
Litt tilleggsdata: OTSE er ikkje brukt på nettstaden regjeringen.no. OSSE er derimot brukt både på bokmål og nynorsk. --Ranveig (diskusjon) 2. november 2017 kl. 15:21 (CET)[svar]