Diskusjon:Oslobydelen Alna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelnamn[endre wikiteksten]

Eg trur kanskje Bydelen Alna i Oslo med tilvisingar frå Bydelen Alna og Oslobydelen Alna (og kanskje Alna i Oslo og Alna òg, men helst ikkje) hadde gjeve litt betre flyt i namnet. Elles mistenkjer eg at artikkelnamnet Alna kanskje ville vore naturleg for ein artikkel om staden Alna, som er noko anna enn bydelen Alna. Dei som leitar etter elva kan finne ho på det mykje bruka namnet Alnaelva [1] (med tilvising frå Alnaelvi, Alna-elvi, Alna-elva [2], Alnaelven [3], Alna-elven [4], elva Alna [5] og Alna (elv)). -- Olve 5. mai 2005 kl. 1719 (UTC)

Eg har ikkje noko mot at denne artikkelen får noko ana namn, eg prøvde berre å ta høgde for at me kjem til å få større problem med andre Oslobydelsnamn (Grønland som er namn på eit område i Drammen også, og Frogner som er strøydd utover heile halve austlandet t.d). Eg tykkjer derimot at berre Alna bør vera namnet på artikkelen om elva. Alna, både bydelen og staden, har fått namnet sitt etter elva. Elva var fyrst og dessutan er Alna eit elvenamn, av norrønt aln - alen, alboge, bukting, eller av al - vakse, det vil seia verta flaumstor, i følge Oslo Byleksikon. Ei anna sak er at også ordet bydel er mangetydig. Mange vil nok seie at Grønland er ein bydel, men det er ikkje ein bydel i Oslo kommune sin terminologi. Denne artikkelen er altså om den administrative eininga Alna i Oslo kommune, ikkje om (industri)området Alna, kjøpesenteret Alna, jernbanestoppestaden Alna, gardsbruka Alna, og slett ikkje om noko Alna i Maine, Sambandsstatane http://www.maine.gov/local/lincoln/alna/ Jorunn 5. mai 2005 kl. 1851 (UTC)

Uansett er det iallfall sikkert at Alna bør vere ei fleirtydingsside. :) Både Olve og Jorunn har argumentert godt for det over. -- Larsivi 5. mai 2005 kl. 2020 (UTC)
(Larsivi kom meg i forkjøpet der... Det følgjande er kva eg allereie har skrive, men som det vart redigeringskonflikt av:)
Trur kanskje at Alna burde vera ei rein fleirtydingsside da, med lenkjer åt:
  1. Alna i Maine (med tilvising frå Alna, Maine);
  2. Alna AB, eit litauisk IT-føretak.[6], [7]
  3. Organisasjonen Alna — «Alna» er namnet på ein svensk arbeidsorganisasjon for reduksjon av rusmiddelproblem.
  4. Alna Rosso er ein raudvin produsert av Josetta Saffirio i Piemonte i det nordvestlege Italia;[8]
  5. Alna abbedi eller Aulne abbedi, eit tidlegare kloster i Liège bispedømme i Belgia. [9], [10]
  6. Bydelen Alna i Oslo (tilvising frå Bydel Alna i Oslo, Bydel Alna, Oslo, Oslobydelen Alna, Bydel Alna, Alna bydel og Alna (bydel));
  7. Alnaelva (tilv. frå elva Alna, elvi Alna, Alna-elva, Alna-elvi, Alna-elven, Alna (elv), Alnaelvi, Alnaelven, elven Alna);
  8. Alna industriområde;
og så vidare...
-- Olve 5. mai 2005 kl. 2048 (UTC)

Fleire tydingar av Alna er nå blitt til, men kva skal me kalla denne artikkelen?

Sjølv liker eg best å gjera det så enkelt som råd, og føretrekk derfor bydelen Alna dersom det ikkje er andre bydelar som heiter det. Men å leggja til "i Oslo", eller halda på dagens namn, skader nok ikkje heller. -- Ranveig 8. mai 2005 kl. 1338 (UTC)